Det vert ikkje masseutmelding av Granvin Ap. Derimot legg alle tillitsvalde i partilaget ned verva sine. Slik vart utfallet av det ekstraordinære medlemsmøtet onsdag kveld, melder Avisa Hordaland.

Dermed er Granvin Ap i prinsippet avvikla som partilag – inntil Jens Stoltenberg dukkar opp i bygda for å gjere greie for kraftlinevedtaket. Rundt 30 personar var til stades på møtet der vedtaket blei gjort.

— Stoltenberg vil bli varsla om vedtaket alt i morgon, seier ordførar Jan Ivar Rødland til lokalavisa.

— Og fram til han personleg har vore i Granvin og gjort som me krev, vil alle verva i Granvin Arbeidarparti vera nedlagde, seier Rødland.

Han vil likevel halde fram som ordførar.

— Det er folket i Granvin som har valt meg til ordførar, ikkje partiet, understrekar han.