TERJE ULVEDAL

Lensmann Nils-Ove Roset seier til Bergens Tidende at fleire personar kjem til å bli kalla inn til avhøyr, og at ei rekkje faginstansar vil bli bedt om å uttale seg.

— Det er sjølvsagt at vi må prøve å finne ut kva som var årsaka til utsleppet, og om lover og reglar er følgde, seier lensmannen.

Kring 1000 personar blei evakuerte frå Sandane sentrum etter utsleppet av ammoniakkgass frå fabrikken som produserer fôr til pelsdyrnæringa. Fleire personar oppsøkte lege etter at dei blei kvalme og svimle og ein person blei send til sjukehus for sjekk.

Ammoniakk blir brukt til fryseanlegget hos fôrprodusenten. Utsleppet skjedde under vedlikehaldsarbeid, og heile anlegget skal ha vore utkopla.

Medan både politi og brannvesen karakteriserte utsleppet som stort, sa styreleiar i Vest-norsk Fôr, Steinar Evebø, til BT at utsleppet derimot var lite.

— Det får stå for hans eiga rekning. Eg kan ikkje seie kva som er stort eller lite i denne samanhengen, kommenterer Gloppen-lensmannen.

Vest-norsk Fôr ligg midt i Sandane sentrum. Etter utsleppet sist fredag har fleire påpeika at plasseringa er uheldig. Gloppen-ordførar Anders Ryssdal ønskjer no å sjå på om det kan vere råd å få til ei flytting av fabrikken.