– Vi har starta arbeidet med å sjå på denne saka, seier distriktsrevisor Markvard Sunde, som mellom anna har ansvaret for revisjonen i Vågsøy kommune.

– Først vil vi skaffe oss ein oversikt over alle rekneskapstala, deretter vil vi drøfte med kontrollutvalet om det er spesielle ting vi bør sjå på i denne saka.

Stoppa nettdebatt

Reaksjonane har vore sterke sidan oppgjeret etter skutefesten i august vart lagt fram sist fredag ettermiddag.

Kommunen står direkte økonomisk ansvarleg for arrangementet, og Vågsøy-ordførar Roger B. Silden blir no nøydd til å forklare eit underskot på 13 millionar kroner overfor sine innbyggarar.

På nesttstaden til lokalavisa Fjordenes Tidende var personangrepa på dei ansvarlege så sterke gjennom helga at redaktøren måtte stenge artiklane for lesarkommentarar. I staden måtte folk skrive sine kommentarar til avisa på epost og under fullt namn.

– Eg forstår godt at mange reagerer sterkt på dette, seier ordføraren til Bergens Tidende. – No må vi analysere detaljane, så får revisjon og kontrollutval seie sitt før vi konkluderer.

Få i det politiske miljøet i kommunen trur at Vågsøy no kan unngå å hamne på den statlege Robek-lista over økonomisk skakkjørte kommunar. I tillegg ser ein føre seg blodige kutt i skule— og helsestell som følgje av skutefesten.

Altfor lite folk

Og korleis kunne det gå så til dei grader gale? Ordførar Silden peikar på ei rekke ting som ikkje gjekk etter planen, men meiner det overordna problemet er at det rett og slett ikkje kom nok publikum til det som skulle vere største enkeltarrangement i Sogn og Fjordane nokonsinne.

– I ettertid ser vi at på totalt fire dagar kom det så mykje folk som vi trudde skulle komme kvar av dagane, seier Silden. – Vi er ein liten stad, og hadde lagt det stort opp med logistikk, servering og infrastruktur. Det var på førehand snakk om at alt ville bli kaos i vesle Måløy. Det kan ha skremt mange frå å komme hit.

Med Måløybrua som einaste innfartsveg til sentrum og kaiområde, var folk på førehand blitt grundig åtvara mot å kjøre eigen bil inn dit. Eit omstendeleg, kostbart system med ringbussar kan ha skremt mange familiar frå å ta turen.

– Det er på infrastruktur og matservering vi finn dei store minustala. Det var rett og slett ikkje folk nok til å forsvare arrangementet, seier ordføraren.

Gratis agent – røde tal

Konserten med bandet Status Quo var ein annan del av festen som oppnådde brakunderskot. Her rekna arrangørane med fire tusen betalande, medan resultatet var litt over 1.500. Underskotet på konserten kom opp i 1,8 millionar kroner.

Bransjefolk Bergens Tidende har snakka med seier dei har vanskar med å forstå korleis dette har vore mogeleg. Honoraret til det britiske bandet skal ikkje ha vore ekstraordinært høgt.

Nokre peikar på ein del tekniske og logistiske forhold som gjorde konserten ekstra kostbar, utan at det kan forklare ein så stor smell.

Blant anna vart eit eige fly innleigd for å frakte bandet frå Newcastle i England til Vigra ved Ålesund, vidare til Måløy i helikopter. Dagen etter skulle bandet på spelejobb i Belgia.

Det var Peer Osmundsvaag i bookingbyrået Atomic Agency i Oslo som formidla bandet til arrangøren i Måløy. Osmundsvaag er sjølv oppvaksen i Måløy, og fortel at det neppe er deira skuld at konserten gjekk med dundrande tap.

– Eg tykte det var hyggeleg å gjere litt for heimbyen min, så vi tok faktisk ikkje ei krone betalt for den jobben, fortel Osmundvaag til Bergens Tidende.

Bergens Tidende
OPPRØRTE: Vågsøy-ordførar Roger B. Silden blir no nøydd til å forklare millionunderskotet overfor sine innbyggarar.
Bergens Tidende