— Vi er i startfasen og vil prøve å avklare dei faktiske forholda, seier advokat Einar Drægebø, leiar for Spesialeininga for politisaker.

Ifølgje Drægebø snakka dei måndag med personar som det kan bli aktuelt å avhøre seinare.

— Vi vil seinare vurdere om vi skal opne ei breiare etterforsking, seier han.

Drægebø seier at Spesialeininga ønskjer å kome i kontakt med vitne på kaia og ferjemannskap. Dei vil og snakke med ambulansepersonell og polititenestefolka som var på kaia.

- Gjekk rundt og hoia

Fredag kveld døydde ein 45 år gammal mann på Halhjem ferjekai. Dette skjedde vel ein time etter at to polititenestemenn hadde sett til han.

Mannen var ifølgje vitne svært rusa då politiet var på staden. Siri Vermedal (22) var på kaia og observerte mannen, kameraten hans og dei to politifolka i det ho reknar å vere om lag ti minutt.

— Den eine greidde korkje å stå eller sitja. Han kunne ikkje halda seg oppreist åleine. Då dei sette han på benken, tippa han framover så dei måtte ta imot han. Politiet la han då i stabilt sideleie på golvet, sa ho.

Etter å ha vore borte ein halvtime, kom Vermedal tilbake.

— Då var politiet borte. Det såg ut som mannen framleis låg i stabilt sideleie i same stilling som politiet la han i. Kameraten frå venterommet gjekk då rundt og hoia for å få merksemd. Eg oppfatta det slik at ferjemannskapet gjekk bort til han.

Vitne reagerte på politiet

Trass hjelp frå mannskap og andre på kaia, døydde mannen vel ein time etter at polititenestefolka hadde forlate han.

Leiinga ved Hordaland politidistrikt tok sjølv avgjerda om å sende saka til Spesialeininga.

— Det er ein påstand om at politiet kan ha gjort noko gale her. Derfor sendte vi saka til Spesialeininga, seier politiinspektør Gunnar Fløystad, leiar for retts- og påtaleeininga ved Hordaland politidistrikt. Han viser til artikkelen i BT måndag.

Ifølgje artikkelen skal fleire vitne ha reagert på at politiet ikkje tilkalla profesjonell hjelp til den rusa 45-åringen. Deriblant ferjemannskap på Tide-ferja «Ullensvang».

— Har nokon klaga direkte til politiet?

— Ikkje så vidt eg veit.

At politiet ber Spesialeininga om å sjå på saka betyr ikkje at dei innrømmer nokon feil.

— Det er ikkje sjeldan at vi oversender saker, seier Fløystad.

45-åringen er send til Gades Institutt på Haukeland og vil truleg bli obdusert tysdag for å få fastslått dødsårsaka.

Ørjan Deisz