— Dersom det som står i klagen er korrekt, står vi overfor ei høgst uvanleg sak, seier fylkeslege Petter Øgar til Bergens Tidende.

Saka er så spesiell at fylkeslegen førebels ikkje ønskjer å kommentere nærare kva legen skal ha sagt og gjort. Det er pårørande som var til stades på sjukehuset då pasienten døydde, som har meldt frå til fylkeslegekontoret i Sogn og Fjordane.

Oppsiktsvekkjande

— Er det grunn til å feste lit til dei pårørande som har klaga saka inn?

— I tillegg til den skriftlege klagen vi no har fått på bordet, har vi også vore i munnleg kontakt med pårørande som opplevde situasjonen. Vi ser på opplysningane som så oppsiktsvekkjande at vi vil forfølgje saka, svarar fylkeslegen. I klagen som har komme inn, skildrar dei pårørande oppførselen til doktoren som kom til då ein eldre pasient døydde. Pasienten var etter det Bergens Tidende kjenner til ein eldre person. Sjølve dødsfallet var naturleg. Klagen rettar seg altså ikkje mot medisinske ting, men mot korleis sjukehuslegen handterte dei pårørande.

Vil ha forklaring

Hendinga skjedde tidlegare i år, men det er først nyleg at fylkeslegekontoret har vorte orientert. Legen som er innklaga, er fast tilsett ved sjukehuset.

Etter det Bergens Tidende kjenner til skal dei pårørande også ha gitt opplysningar om at andre sjukehustilsette var til stades og opplevde hendinga.

— Vi vil no be sjukehuset om deira oppfatning og forklaring av kva som skjedde, seier Øgar. Manglar folkeskikk

Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane har ved fleire høve fått kritikk for at eit fåtal legar ikkje kan oppføre seg.

Så seint som i årsrapporten frå pasientombodet i fylket i fjor, kom det fram at ombodet hadde fått inn 16 klager frå personar som meinte seg utsett for uhøvisk framferd. Pasientombodet slo fast at det er ei rekkje gjengangarar mellom legane som får slike klager retta mot seg, og konkluderte med at eit fåtal legar rett og slett manglar folkeskikk.