TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no Det er Universitetet i Bergen som skal gjennomføre granskinga.— Vi har funne framande organismar i ballastvatn på båtar ved Sture-terminalen. No vil vi sjå om organismane har slått seg til i sjøen rundt anlegget, opplyser forskar Helge Botnen ved seksjon for anvendt miljøforskning. Kjente og ukjente Universitetet i Bergen har granska innhaldet i ballastvatn frå 30 fartøy som har vore innom terminalen på Sture. I tillegg kjem 14 fartøy som har lagt til kai på Mongstad. Granskinga er utført i samarbeid med oljeselskapa Statoil og Hydro.- Vi har funne både kjente og ukjente organismar frå norsk farvatn. Hovudtyngda av livet i ballasttankar består av kjente artar. Men vi har funne så mange "framandelement" at det er ikkje tvil om at overføring av framande organismar via ballastvatn er mogleg. Men funna var ikkje alarmerande, seier Botnen til Bergens Tidende. Uråd Problemet er at det nesten er uråd å slå fast kva type framande organismar som klarer å etablere seg langs norskekysten. - Det er ikkje gitt at ein framand art vil kunne overleve og slå rot, seier Botnen.Han understrekar at skipsfarten ikkje er åleine om å føre framande organismar til norskekysten. Kring 30 prosent av ukjente algar og andre levande organismar i norsk vatn kjem truleg med skipsfarten. Men også oppdrettsnæringa og bevisst utsette organismar for å fremje framtidig fiske og klimaendringar endrar utbreiingsmønsteret til artane. - Oppdrettsnæringa arbeider no aktivt for å redusere farane for å introdusere nye artar. Også innanfor skipsfarten vert det arbeidd for å finne effektive, miljøvennlege og trygge tiltak, seier Botnen. Les også: Ingen restriksjonar for ballastvatn Venter på globale regle - Kostbart å skifte ballastvan Vurderer tiltak Bortimot 50 framande arter

ALGEJAKT: Berre 30 prosent av ukjente algar og andre levande organismar i norsk vatn kjem truleg fra skipsfarten, hevdar Helge Botnen. Han skal granska sjøområda ved Sture. (Foto: Marianne Hansen)