PER MARIFJÆREN

Været var stille og pent da skipet grunnstøytte ved 03.00-tida om natta.

Ifølgje politiet var alle om bord edru, både det russiske mannskapet og den erfarne, norske losen.

— Vi behandlar denne saka akkurat no, opplyser distriktssjef i Kystverket Vest, John Erik Hagen.

— Straks vår rapport er klar, sender vi den over til sjøfartsinspektøren i Bergen.

Ifølgje Hagen vil arbeidet med rapporten ta mellom fire og seks veker.

Flaggstaten, som er Nederland, har ikkje kravd sjøforklaring etter episoden. Det har heller ikkje norske styresmakter. Ingen kom til skade da det 112 meter lange lasteskipet grunnstøytte på svaberga midt i eit hytteområde litt aust for ferjestaden Lavik.

Skipet kom frå Årdal og var tomt for last, men hadde rundt 200 tonn olje om bord da det grunnstøytte.

Rapporten frå kystdistriktssjefen skal basere seg på losens skriftlege rapport og kystverkets samtalar med losen. Som kjent var losen blant dei som fekk kritikk i den ferske rapporten etter «Rocknes»-ulukka.

— I tillegg til losen si forklaring vil vi også halde oss til andre kjelder, seier Hagen.

— Har det kome fram opplysningar om teknisk svikt eller anna som kan forklare det som skjedde?

— Eg kan ikkje seie noko om det. Vi etterforskar ulukka med utgangspunkt i losen og hans instruksar. Vi ønskjer å klarlegge omstenda, og så får sjøfartsinspektøren ta stilling til kva som skal skje vidare.

Losen som var om bord på «Onego Merchant» er framleis i ordinær teneste.