Ein månad er gått sidan sjukepleiarstudenten Anne Slåtten (biletet) vart drepen midt i Førde sentrum. Lensmann Kjell Fonn er overtydd om at svaret på drapsgåta ligg ein eller annan plass i det omfattande materialet politiet har samla inn.

Fjell av informasjon

Ifølgje Fonn gjeld det å vere tolmodig, vente på at etterforskarane skal klare å sortere ut dei avgjerande opplysningane.

— Vi har bak oss det meste av innsamlingsfasen. No skal vi arbeide med materialet systematisk, setje det inn i samanhengen. Det er eit voldsomt arbeid, seier lensmann Kjell Fonn til Bergens Tidende.

485 ulike tips og observasjonar frå publikum, 441 ulike vitner, 300 mobilsamtalar mellom 06.00 og 08.00 drapsmorgonen, 27.000 ulike transaksjonar på betalingskort i Førde drapshelga - fordelt på 9300 ulike kort hjå 104 foretak.

Dette er materialet som politiet møysommeleg arbeider seg gjennom, ein månad etter drapet. Målet er blant anna å lage eit elektronisk, animert kart over det aktuelle området. Her vil alle kjende rørsler og opplysningar bli lagt inn i ei kronologisk, grafisk framstilling av området rundt drapstidspunktet.

Gjennomgår alt på nytt

Politiet har enno ikkje arbeidd seg gjennom alle dei 300 mobilsamtalane som er registrert drapsmorgonen. Kvart einaste nummer vil bli kontakta av politiet. Fonn utelukkar heller ikkje at tidsrommet for mobilsamtalar som skal sjekkast, kan bli utvida.

Tipsbunken på over 400 ulike publikumsobservasjonar er gjennomgått to gonger.

Det politiet aller helst håpar på, er å få treff på dei DNA-funna som vart gjort på åstaden.

Har ikkje meldt seg

Ifølgje Fonn vil arbeidet med drapssaka pågå for fullt i heile sommar, trass i at nesten alle tenestemenn vil ta ut sommarferie som planlagt.

— Etterkvart som folk får sin velfortente ferie, så vil vi supplere med nye tenestemenn frå nabodistrikta, seier Fonn.

— Ein av Kripos-medarbeidarane har også gått ut i ferie, slik at det for tida er tre etterforskarar derfrå i arbeid med saka i Førde.

— Stemninga blant mannskapet er god, og vi har framleis massevis av materiale å arbeide med, seier lensmannen.

Blant dei konkrete tipsa politiet er mest interessert i å få svar på no, er identiteten til kvinna som to vitne såg gåande ved busstoppet like ved Førdehuset drapsmorgonen. Ho var på veg mot sentrum, er truleg mellom 20 og 30 år og iført mørke klede. Politiet har etterlyst denne kvinna i fleire veker, utan at vedkommande har meld seg.

Heller ikkje den etterlyste syklisten som var sett ved Fossbrua og ved Grovene (politiet trur det kan vere den same) har meldt seg.

Ei heller førarane av bilen på veg ned Halbrendslia og gjennom sentrum (lys blå personbil) eller vedkommande som sat bak rattet i bilen som kjørte ut av sentrum i stor fart over Hafstadflata (mørk personbil) drapsmorgonen.

Ein månad er gått. Politiet har ingen mistenkte, ingen konkrete spor. Men lensmannen er optimist.

— Eg har tru på at vi vil finne den eller dei som står bak dette.