Den 38 år gamle sjåføren omkom i ulukka på E134 i Håradalen i Røldal i Odda kommune om kvelden den 20. september i år.

Bilen var lasta med metallprofilar til autovern og var på veg austover då ulukka hende. Sjåføren hadde lasta på i Gismarvik i Tysvær kommune i Rogaland og skulle til Spydeberg i Østfold med lasta.

— Kva har granskinga så langt vist?

— Det er ikkje tvil om at typen last, måten bilen var lasta på og vekta av lasta var av ein slik karakter at dette har påverka ulukka, seier politibetjent Bjørn Inge Aarsand ved Odda politistasjon til bt.no.

Lasta var autovernprofilar i metall.

— Platene inn i førarhuset

— I kollisjonen gjekk metallplatene inn i og over førarhuset. Sjåføren som omkom sat fastklemt i fleire timar før vi fekk han laus. Eg tør ikkje tenkja på kva som kunne ha hendt om denne lastebilen hadde kollidert med ein buss full av folk, seier Aarsand.

Fordi autovernprofilane vart lossa av etter ulukka og så lasta på andre bilar, har ein eksakt vekt på lasta.

Biltilsynet sin rapport er ikkje klar, og Aarsand vil difor ikkje seia noko om ein eventuell overlast.

**Les også:

Til aksjon mot overlast**

— Glad for gransking

Firmaet som den rumenske sjåføren køyrde for er akkar.no. Dei held til på Hundvåg i Rogaland. Firmaet driv mellom anna med vegsikring.

— Det er skikkeleg alvorleg ulukke, og eg er glad for at den vert granska. Vi i firmaet har gått gjennom om det er noko vi kunne gjort annleis. Sjåføren var heilt utkvilt før han starta om ettermiddagen, seier dagleg leiar Arnstein Johnsen i akkar.no til bt.no

- Sjåføren sitt ansvar

— Det er uansett sjåføren sitt ansvar at køyretøyet er i forsvarleg stand og lasta i samsvar med forskriftene. Politiet har så langt ikkje avdekt nokon feil eller manglar med arbeidsgjevaren sine rutinar, seier Aarsand til bt.no.

Politiet held fram granskinga av ulukka.

— Språkproblem

- Er det problem knytt til auka bruk av utanlandske sjåførar?

— Eg trur ikkje dei er dårlegare sjåførar enn norske sjåførar. Språkproblem har eg derimot forstått har skapt ein del vanskar, seier Aarsand.

— Tryggere enn det ser ut