Den omkomne er ei kvinne i 50 åra som er heimehøyrande i Sogn og Fjordane. På grunn av sterke magesmerter, hadde kvinna, kort tid før ho døydde, blitt overført til Haukeland frå sentralsjukehuset i Førde.

Pasienten hadde tidlegare fått påvist kreft, og det var også konstatert at sjukdomen hadde spreidd seg til magen. Etter det Bergens Tidende får opplyst hadde kvinna fleire gonger etter at kreftdiagnosen var stilt, vore innlagt på sentralsjukehuset i Førde. Grunnen var at kvinna hadde sterke smerter i mageregionen. Men behandlinga ho fekk lindra ikkje smertene.

Tarmslyng

Førde-legane viste difor kvinna vidare til sjukehuset i Bergen. På Haukeland gjorde doktorane ei anna tolking enn Førde sentralsjukehus av skjermbilda som var tatt. Dei meinte smertene i magen kunne komme av at kvinna hadde tarmslyng. Difor planla dei å operere.

Men før dei kom så langt som til å utføre inngrepet, omkom pasienten på sjukehuset. Ho blei kvalm og kasta opp. Kvinna fekk oppkastet ned i lungene, og ho blei kvelt. Dødsfallet skjedde på seinsommaren.

Overfor Bergens Tidende er fylkeslege Petter Øgar svært varsam med å kommentere den spesielle saka. Øgar understrekar at dei tek alvorleg på hendinga, men at han så langt ikkje har grunnlag for å konkludere med at det har skjedd noko klanderverdig.

— Vi er i ein tidleg fase av undersøkinga. Så langt har vi berre fått opplysningar om det som skjedde frå Førde sentralsjukehus. Basert på den informasjon vi no har tilgjengeleg, ser det i alle fall ut til at kvinna er tatt på alvor. Ho har fått adekvat behandling, og det ser så langt ut til at rutinane er følgt, seier fylkeslegen i Sogn og Fjordane.

Ventar på Haukeland

Fylkeslegekontoret i Leikanger ventar dei på utgreiing frå dei som hadde ansvaret for behandlinga på Haukeland universitetssykehus. I tillegg vil dei også studere obduksjonsrapporten, før det blir avgjort korleis sjukehus-dødsfallet skal handterast vidare.

— Før vi har alle relevante opplysningar på bordet vil eg vere svært varsam med å seie at det har skjedd noko som helst feil i denne saka. Det som er klart er at kvinna hadde ein alvorleg diagnose på kreft. Men det som etter vårt syn ikkje har komme klart nok fram så langt, er kvifor dødsfallet skjedde og korleis omstenda var, seier Øgar.

— På Haukeland meinte legane at kvinnas magesmerter kunne ha si årsak i tarmslyng. Er kvalme og oppkast noko som følgjer med ein slik komplikasjon?

— Ofte er det tilfellet, ja. Men å gå inn på det før vi har alle opplysningar på bordet, vil vere å tenkje høgt.

I tråd med regelverket var det sjukehuset som rapporterte om dødsfallet. Helsevesenet er pliktige til å melde frå, når det skjer unaturlege dødsfall på institusjonar.