Legen på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane (SSSF) skulle stadfeste dødsfallet til ei eldre kvinne. Det gav sonen til avdøde og kona hans ei oppleving dei seint vil gløyme. Forutan episoden, der legen skal ha gitt sonen stetoskopet og bedt han lytte på den døde mora, kom han med ei rekkje bisarre utsegner.

Fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane ber no Statens Helsetilsyn vurdere å melde doktoren til politiet. Øgar meiner legen oppførte seg uhøvisk og handla uforsvarleg. Fylkeslegen kritiserer også sjukehuset for måten dei har handtert saka på.

Stadfesta av sjukepleiar

Det dei pårørande opplevde, er langt på veg stadfesta av ein sjukepleiar.

Berre sonen og kona var til stades då mora døydde i vinter på sjukehuset i Førde. Etter ei stund varsla dei hjelpepleiar som tilkalla lege og sjukepleiar. Då dei kom til rommet, hadde den eldre kvinna vore død cirka ein halvtime.

Dei pårørande har i detalj gjort greie for det som skjedde.

«ýhøyr ho pustar»

Då legen kom inn byrja han med å fortelje dei pårørande om utdanninga si og yrket, og synte liten interesse for den døde. Men etter ei stund vende han seg mot den døde, tok ho i handa og sa: «Ho er dårlegare i dag enn i går, du ser ho er blå på fingrane. Vi får henge opp ein liter». Til ein kommentar frå sonen om at mora hadde vore død ein halv time, sa legen at det ikkje var tilfelle: «ýý.høyr ho pustar, det er berre Cheyne-Stokes respirasjon og det kan gå ti minutt mellom kvar pusting».

Like etter tok legen opp spørsmålet om gjenoppliving:

«Du er sonen, og må bestemme om vi skal prøve å få liv i ho igjen». Deretter spurde legen om dei skulle vurdere hjartetransplantasjon.

Vanskeleg med folkeskikk

Nokre veker etter episoden på sjukehuset, kontakta sonen avdelingssjefen på sjukehuset. Avdelinggsjefen sa seg lei for det som hadde hendt, og skal ha sagt følgjande om legen:

«Når ein er xx år og ikkje har lært folkeskikk, er det vanskeleg å lære det no. Dette er nok ikkje første gongen, og kanskje ikkje siste heller, sjølv om slikt ikkje skal skje».

Legen sjølv, som er fast tilsett ved sjukehuset, har ein versjon som skil seg vesentleg frå det sjukepleiaren og dei pårørande fortel. Mellom anna meiner legen at ein del av det dei pårørande fortel skjedde då han undersøkte mora dagen før ho døydde. I eit brev til fylkeslegen skriv SSSF-doktoren at han har «ýmeget god hørsel, lært og praktisert meget bra folkeskikk, og har aldri før fått et liknende klagebrev fra pasient eller pårørende».

Grovt aktlaust

Til Bergens Tidende seier fylkeslege Petter Øgar at sjukepleiarens stadfesting av opptrinnet sannsynleggjer at legen har handla uforsvarleg i forhold til helsepersonellova. — Å vere helsepersonell når ein person dør, krev evne til omsorg. I slike situasjonar må helsepersonell oppføre seg verdig og syne respekt for den døde og dei pårørande, sier Øgar.

- UFORSVARLIG: Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar, ber Statens Helsetilsyn vurdere å anmelde legen til politiet.
Arkivfoto