Meland og Radøy har roke opp i krangel om øya Bognøy, melder Nordhordland. Det er dei folkevalde i Meland som vil ta øya frå Radøy. Dei viser til at den nye sjøgrensa bør gå midt i Bognestraumen.

— Bognøy har høyrt til Radøy heilt sidan vi vart eigen kommune, og eg ser ingen fornuftig grunn til å endra på det, seier Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt til Norhordland. Elles går det fram at det no berre er ein fastbuande på øya.