Trenar Trond Storheim hadde ein plan, og den funka. Humøret er attende i laget, konstaterer han. Om det kan føra Vossajentene eit stykke bort frå sisteplassen på tabellen, står att å sjå.

To solide midtforsvar stod mot kvarandre i kveldens kamp. Voss fekk resten av laget til å fungera også, og vann ein fullt fortent siger.

Laila Himle opna kalaset i sin andre kamp etter skadefråværet. Ho var framme på eit hjørnespark, og plasserte ballen kontant i nota.

Like etter pause auka Sanna Skulstad Dregelid til 2-0 på straffespark.

Innbyttar Guro Hauge kom innpå mot slutten av kampen, og det tok ikkje lang tid før ho lobba ballen over ein målvakt på halvdistanse. Men slikt kan også Grands Anne Leni Rist Forsmo få til, og dermed vart det 3-1 like etterpå.

JONGLØREN: Guro Hauge skapar målsjansar med tekniske finessar tett innpå forsvararane. FOTO ARNE HOFSETH
GLAD GUT: Hovudtrenar Trond Storheim var stolt av jentene sine i kveld. FOTO: ARNE HOFSETH
AKROBATIKK: Forsvarsspelaren til Grand Bodø (blått) feller både seg sjølv og ein motstandar i denne akrobatiske øvinga inne i feltet. Sanna Skulstad Dregelid (raud nr. 16) kan auka til 2-0 på straffe. FOTO: ARNE HOFSETH