Misnøyen med Forsvaret sine idear om å utvida bruken av Mjølfjell skytefelt breier seg langt utover hyttefolket sine rekker. Sjølv forsvarsvener er skeptiske.

— Det går ikkje an å flytta arbeidsplassane til Jølster og sleppa bombene over Voss, er gjennomgangsmelodien.

Har flyløyve frå før

Men Forsvaret har faktisk lov til skyting frå fly etter gjeldande avtale med grunneigarane på Mjølfjell-sida, ikkje Vossestrand, fortel oberstløytnant Oddmund Nygård til Bergens Tidende.

Avtalen vart inngått på syttitalet, i samband med at Voss kommune fekk høve til å opna Bømoen flyplass for sivilt bruk, og grunnareal til helikopterbase, hangarar med meir på nordsida av eine flystripa (09-27). Skarpskyting frå fly har ikkje vore særleg aktuelt.

Sjefen for Alliert Treningssenter Sør (ATS/S) er glad for at det skal gjennomførast ei skikkeleg konsekvensutgreiing før det eventuelt blir aktuelt å utvida bruken av skytefeltet. Nygård er oppteken av samarbeidet med grunneigarar og andre involverte.

— Er det Treningssenteret som har bede om meir aktivitet på Mjølfjell?

— Nei, norske militære anlegg blir planlagt og opparbeidde ut frå nasjonale omsyn. Våre allierte vener blir tilbydd plass når det er ledig, seier Nygård.

Bardust på kommunen

Ordførar Bjørn Christensen sende fredag eit brev til forsvarsminister Kristin Krohn Devold der han bad om eit felles møte med Forsvarsdepartementet og Forsvarsbygg for å få orientering om saka. Rådmann Einar Hauge presiserer overfor Bergens Tidende at brevet frå ordføraren ikkje betyr at kommunen er i konflikt med Forsvaret på nokon måte.

— Vi kan ikkje vera i konflikt om noko som vi ikkje kjenner til. Det vi ber om no, er informasjon om saka. Vi har eit godt tilhøve til Forsvaret, understrekar Hauge.

Han er likevel blant dei som meiner, uavhengig av flybombing eller ei, at Forsvaret har altfor få arbeidsplassar på Voss (rundt 30) i høve til det enorme arealet dei legg beslag på (rundt 130 millionar kvadratmeter).

Første hintet fekk kommunen då Forsvaret gjekk mot nytt hyttefelt i Haugslia på Vossestrand.

Hyttene kjem så nær skytefeltet at støyen sjenerar, vart det hevda. Men forsvaret har tidlegare fått medhald hjå Gulating lagmannsrett i at støyen ikkje kvalifiserer til erstatning for eigarar av gamle hytter enda nærare granatnedslaga.

Oppdrag

Helge Andersen i Forsvarsbygg stadfester overfor Bergens Tidende at statsføretaket har fått i oppdrag av Forsvarsdepartementet å utgreia om bruken av Mjølfjell skytefelt kan utvidast.

Bakrunnen er at skytefeltet på Hjerkinn skal leggast ned og mesteparten av aktiviteten flyttast til det 193 kvadratkilometer store skytefeltet ved Åmot i Østerdalen som skal vera klar til bruk i 2005, og heilt ferdig i 2008.

Sjølv om dette feltet er 67 kvadratkilometer større enn Mjølfjell, og flystøtte til bakkestyrkar inngår i øvingskonseptet, seier departementet at det ikkje er aktuelt å sleppa skarpe bomber frå fly der.

Forsvarsbygg har sett ned ei prosjektgruppe med Per Siem som prosjektleiar til å greia ut Mjølfjell-saka. Hilde Noer Borrevik i Forsvarsbygg Sør- og Vestlandet på Sola vil i løpet av februar kalla inn til eit folkemøte på Voss for å informera om saksgangen.