— Dei 13 personane som vart evakuerte er nå tilbake i husa sine, sier operasjonsleiar Per Rimmen til bt.no fredag morgon.

Ekspertar frå forsvaret har konkludert med at dei to granatane, som truleg stammar frå andre verdskrig, ikkje hadde noe sprenglegeme i seg.

Det var under graving i småbåthavna i bygda Vevring at granatane vart oppdaga torsdag ettermiddag.

— Vi tok kontakt med Forsvaret som rådde til ein tryggleiksavstand på 200 meter. Det medførte at vi måtte evakuere 13 personar frå tre husstandar, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Odd Arve Solvåg.

Granatane vart funnen torsdag ettermiddag. Den eine ligg på land, og den andre i sjøen. Seint torsdag kveld var Forsvaret sine representantar frå Haakonsvern på veg til den vesle bygda i Sunnfjord.