Politiet på Voss var ikkje heilt sikre, og tilkalte militær ekspertise onsdag.

  • Oppdatering klokka 17.25: To ekspertar frå Marinedykkarkommandoen til Haakonsvern er på staden og handsamar gjenstanden. Dei vil transportere han bort, truleg til eit skytefelt på Mjølfjell. Det er framleis for tidleg å seie om det faktisk er ein granat.
  • Oppdatering klokka 18.05: Alarmen er avblåst. Gjenstanden viste seg å vere ei stålstong med mutter. Ekspertane frå Bergen roser likevel politiet og entreprenøren som varsla om gjenstanden. — Det er betre å varsle ein gang for ofte enn ein gang for lite, seier dei.

— Objektet er om lag 40 centimeter langt, og har ein diameter på fem centimeter, seier politibetjent Jens Petter Gravning ved Voss lensmannsdistrikt.

Grave fram

Den mogelege granaten kom fram under graving av grøfter til jordvarmeanlegget for Voss kulturhus som er under bygging ved Vangsvatnet, og ligg no kloss ved E16. Gravemaskinkøyrar Reidar Gilbakken melde frå til arbeidsformannen.

— Sidan det i helga vart funne ein bombekastargranat på andre sida av Kulturhuset, fann vi det rett å varsla politiet, sjølv om det kanskje er heilt ufarleg, seier Nils Dagfinn Dregelid hjå entreprenørfirmaet O. L. Kythe AS.

Bombekastargranaten vart funnen under konkurransen i roing som vart halde på Vangsvatnet i pinsen. Speakeren på stemnet hadde både trakka på, og sparka borti, granaten før han fatta mistanke. Då var såpass mykje synleg at den avrunda forma framstod.

Held vakt

Korkje bombekastargranat eller luftverngranat stammar frå bombinga av Vangen i aprildagane 1940. Slikt vert ikkje sleppt ned frå fly. Ved graving andre stader på Vangen er det opp gjennom åra funne fleire udetonerte brann- og sprengbomber frå bombeåtaket. Dei har langt større dimensjonar enn dei to granatane som er funne ved Kulturhuset dei siste dagane. Det er likevel sannsynleg at ammunisjonen har lege i bakken sidan krigens dagar.

Politibetjent Gravning ser det som uaktuelt å omdirigera biltrafikken på E16 i ettermiddag. Vakthald vil hindra uvedkomande i å fikla med den mogelege granaten før militæret kjem. Kommandoen i Bodø syter for at ekspertar kjem til Voss så snart det let seg gjera.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!