Å feriera på fellesen i bedriftshytta går også bra. Veldig bra, skal vi tru familien Nilssen frå Lyngbø på Laksevåg som er faste gjester på Tine-hytta. Dei ferierer her oppe mange helger heile året. No i vinterferien er dei her denne første helga, kanskje dreg dei opp att neste helg også.

**Slik blir været resten av vinterferien:

Gløtt av sol**

Seksten år gamle Glenn Kristoffer Nilssen driv iherdig hopptrening på snøbrett ilag med kamerat Martin Scholz på tretten. Dei har laga hopp like ved den store brune hytta med kvite glaskarmane.

Ludo ved peisen

Inne i stova ved peisomnen sit to mød-re med tre born som spelar Ludo. Fedrene til dei to gutane kjem frå Norheimsund der dei har vore for å proviantera litt. Reidar Scholz går inn for å setja på pinnekjøtet han skal ha til middag. Dei andre skal ha kylling i tandoori, fortel Frode Nilssen som er mjølkebilsjåfør og den som gjev heile gjengen innpass på denne hytta.

– Men først skal vi ha oss ein skitur, seier han. Familiefaren held seg til langrennsskia.

– Eg har prøvd snøbrett, det var ikkje noko vakkert syn, vedgår han.

Om ikkje lenge må han måka seg veg inn til vedboden i kjellaren under hytta og syta for at feriefolket held varmen. Nett no er dei tre familiar med i alt ni personar her, men dei veit om fleire som kjem hit dei næraste dagane.

Plass til meir enn 70

– Her er meir enn 24 rom og over 70 sengeplassar, fortel Thea Sofie på ti, ei av dei rundt Ludo-brettet.

– I påska plar det vera masse folk her, då søv vi på loftet og har det veldig gøy, seier ho.

Monica Nilssen viser oss rundt i hytta. Her er tomannsrom og firemannsrom med turisthyttestandard, dusj og do, kjøken med oppvaskmaskin og to komfyrar, fleire langbord i spisestova, stove oppe, biljardalong nede.

– Det er ingen luksus her, men heilt greitt. Det er ein veldig fin plass å feriera for folk som er fleksible, opne til sinns og sosiale, seier ho. Å bu her kostar 20 kroner natta for Tine-tilsette og dobbelt så mykje for gjester som ikkje jobbar i selskapet.

Mykje snø

Det er ikkje sant at det alltid regnar på Kvamskogen i vinterferien. I går låg snøen meterhøg, skydekket var lågt og det var eit lett snødrev i lufta då familien Sælen frå Os snørde på seg gamasjar, festa skifellar og gjorde seg klar til tur. Dei har hytte nede i Eikedalen, men køyrer opp til dei preparerte løypene på Kvamskogen når familiens yngste skal vera med på tur.

– Vi går så langt fireåringen orkar, seier Ståle Skåtun, svigerson i familien og far til fireåringen pluss ein som sit i pulk og endå ei som har stukke av for å feriere i Hemsdal. I sekken har han ved og pølser som skal grillast undervegs.

Dei ferierer på ei hytte av den typen som er eigenhendig utvida og aldri blir heilt ferdig, men det er ingen byggepro-sjekt på gang i denne ferien, forsikrar mor Heidi Sælen. Deler av familien blir stand by på hytta heile vinterferien, andre dreg att og fram til Os på arbeid.

Det er god plass på parkeringsplassane på Kvamskogen denne første vinterferiedagen og ingen påtrengjande kø i løype-ne. Og slett ingen fare for solforbrenning.

TURFAMILIEN: Familien Sælen frå Os tel åtte turdeltakarar og har pølser og ved i sekken. Hilde (fremst), mor Heidi, Helga Kristine, far Terje og svigerson Ståle Skåtun er turklare. Eldste dottera Elin har alt lagt i veg med pulk og ein fireåring.
Helge Sunde
HØGE HOPP: Gutane i Tine-hytta har lagt seg i iherdig hopp-trening. Martin Scholz og Glenn Kristoffer Nilssen er snart klare for større bakkar.
Helge Sunde
INNEKOS: I går var dei ni i bedriftshytta til Tine som har meir enn 70 sengeplassar. Thea Sofie Strømmen Nilssen (til venstre), Preben Nilssen og Natalie Snarberg tar eit slag Ludo før dagens skitur.
Helge Sunde