Planen om flytte lausmasse for å skjerme kyrkja frå driftsbygningen blir presentert når riksantikvar Nils Marstein kjem til Vik i dag. På vollen vil gardbrukarane plante skog. Samdriftsfjøsen er trekt ytterlegare 25 meter vekk frå kyrkja, og storleiken kan også bli noko redusert.

— Vi håpar den forsterka skjerminga kan få Riksantikvaren til å snu, seier nærings- og utviklingssjef Eivind Helleland i Vik kommune.

Arkitekt Ottar Wiik har utarbeidd tilpassingane på oppdrag frå Vik kommune:

— Terrengsituasjonen i området er gunstig. Fjøsen blir liggjande «i skugge», og vil i liten grad konkurrere med kyrkja, meiner han.

Lyn frå klår himmel

Når riksantikvar Nils Marstein i dag vitjar Vik, kjem han til eit lokalsamfunn der han er uvanleg lite populær. I midten av september sette Riksantikvaren nemleg ein stoppar for driftsbygningen som fem bønder i Hove sameige ønskjer å bygge. Det 1600 kvadratmeter store bygget skulle førast opp 75 meter frå kyrkja.

Avslaget kom som lyn frå klår himmel både på bøndene og kommunen. Vedtaket er no klaga inn for Miljøverndepartementet.

Responsen frå bøndene har vore at dei kjem til å avvikle gardsdrifta. Å drive gardsbruka vidare utan samdrift, ser dei inga framtid i. Dei fem bøndene har sterk støtte i bygda, noko som etter alt å dømme kjem til å vise når Marsteins delegasjon dukkar opp i dag.

Attgroing

I Vik skal dei antikvariske styremaktene møte representantar frå kommunen, fylkeskommunen, kyrkja og bøndene i samdrifta. Dei skal sjå på ein modell av området slik det vil ta seg ut etter at fellesfjøsen er bygd, og dei skal på synfaring til området ved steinkyrkja.

— Er det ikkje drastisk å endre kulturlandskapet i eit slikt område, Helleland?

— Dette dreiar seg om å flytte på ein del masse. Når det gjeld skogen som skal plantast, vil det vere for ingenting å rekne mot attgroinga som vil skje rundt heile kyrkja dersom gardsdrifta blir avvikla. Det er noko vi meiner Riksantikvaren også må ta omsyn til, seier Eivind Helleland.