EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no 7. november sende konsernsjef Arne Dvergsdal ut eit brev til samtlege tilsette i Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).Brevet tok for seg den interne spørjeundersøkinga som nettopp var gjennomført, der "HSD har ikke en sikkerhetskultur" og "HSD har et ledelsesproblem" var to av hovudkonklusjonane. Men i brevet frå Dvergsdal er dei alarmerande overskriftene som sokke i jorda. "Det kom fram ei rekkje positive ting: Arbeidsmiljøet er generelt svært godt.Dei tilsette har gode tilhøve til sine kollegaer og det synest ikkje som mobbing er noko problem på arbeidsplassen", opnar Dvergsdal i oppsummeringa av resultata. Kritikk utelatt Påstanden om at HSD manglar sikkerheitskultur er ikkje å finne att i Dvergsdals brev. Han nøyar seg med å skrive at det må setjast inn "langt større ressursar for å bli betre". Rapportens konklusjon om at sikkerheitsopplæringa "må betraktes som et forsømt arbeidsfelt i selskapet" er også forsvunne. Dvergsdal tolkar dette som eit "ynskje om betre tilhøve for opplæring og fagleg utvikling". Har vekt irritasjon Heller ikkje dei mange kommentarane, som blir skildra som "generelt svært negative", er nemnde. Bergens Tidende er kjent med at Dvergsdals brev har vekt irritasjon blant fleire av dei i HSD som har kjent det reelle innhaldet i rapporten. — Mi personlege oppfatning er at konklusjonane godt kunne kome betre fram, seier Jakob Utne, hovudtillitsvald for Norsk Sjømannsforbund i HSD. Han har samtidig forståing for at HSD-leiinga kvidde seg for å fortelja alt frå undersøkinga, som var ferdig like før Sleipner-kommisjonen la fram den knusande rapporten sin.Den avgåtte konsernsjefen seier i dag at han ikkje hugsar detaljane frå brevet.- Men målet var å motivere organisasjonen til innsats for å bli betre, seier Dvergsdal. Vanskeleg knipe HSD skal om kort tid leggje fram det økonomiske resultatet for fjoråret - eit resultat som vil vere tidenes dårlegaste for selskapet, med fleirfaldige millionar kroner i underskot. Selskapet må dermed kjempe på to frontar: Dei må gjenreise tilliten etter Sleipner-katastrofen og oppfylle målet om å bli det tryggaste transportselskap i landet, samtidig som dei ikkje kan tillate høge kostnader.Oppi denne knipa kjem den aggressive aksjonæren Folke Hermansen frå Stavanger og vil ha meir makt i selskapet. Uvissa rundt om det blir Arne Dvergsdals høgre hand gjennom mange år, Per Atle Tellnes, eller ein utanforståande som skal ta over konsernsjefstolen gjer heller ikkje situasjonen i selskapet meir stabil.

LES OGSÅ: - Er ikkje overraska