Mellom anna kan dei vare med på å karda ubehandla ull, ull som framleis lukter sau og som er naturleg feit av lanolin. Barna blir feite på hendene av dette vedunderlege som gjer at ull luner så godt. Kanskje blir den karda ulla saman med ein skvett vatten og litt farga tova ull, eit fint armband som ein kan ta med heim?

Og barna kan få gjera meir enn karding. Me tover også fine ullfigurar i alle regnbogens fargar. Kanskje eit smykke, ein figur eller ein gryteklut heim til han far? Det er bare kreativiteten som setter ein stopper for kva ein kan tova, så det er bare til å setja i gang. Store boller med vatten, brett opp genseren og gni ulla til den får den forma du ønskjer! Dette elskar barna!

Barna liker også godt å vera med guiden på ei vandringa i fabrikken. Nokre av dei store industrielle maskinane i fabrikken finst også i små utgåver, og mellom anna får barna sjølve prøva handstrikkemaskinane. Spanande! Men pass fingrane!

Elles har me rikeleg med fargeblyantar, bøker, spel og anna gøy, mens dei vaksne kan slappa av og ta seg ein kopp kaffi i kafeen. Eller heller eit varmt heimelaga pizzahorn eller vegetarnuggets? Og heimelaga kake og vaffel?

Og sjølvsagt kan ein på fine sommardagar avslutta besøket på Norsk Trikotasjemuseum med å ta seg eit bad i vika like ved museet kor det også finst eit lite basseng for dei minste. Og kanskje avslutta med ein is?

Velkomne!

Her kan du lese meir om tilboda ved Norsk Trikotasjemuseum

Mette Thommasen