Google fotograferer i disse dager Bergens gater fra bil og en spesiallaget trehjulssykkel med påmontert kamera. Sykkelen brukes i trange gater hvor det er vanskelig å komme til. Ser du sykkelen, så send oss gjerne et tips.

FOR EIT PAR VEKER sidan uttalte adm. direktør Eric Schmidt i søkjeselskapet Google at folk som vil sleppe unna internettfortida si eigentleg berre har eitt alternativ: Skifte identitet. Er det verkeleg så gale?

— Å ja. Det trur eg gjerne, seier førsteamanuensis Jill Walker Rettberg ved Universitetet i Bergen, som forskar på historiene vi fortel på nettet.

Det finst fleire døme på at folk har måtte betale dyrt for ting dei har lagt ut på nettet, folk som er blitt nekta helseforsikring i USA og folk her i landet som ikkje får jobb.

Men alle opplysningane vi legg ut, har òg sider vi ikkje heilt klarer å sjå konsekvensane av. Dei handlar om at vi skal ha eit privatliv. Google har i rettssaker i USA argumentert med at privatlivet i internettalderen er en illusjon. Er det slik?

  • Grunnen til at Google er så sinnssjukt bra, er at dei har samla utruleg mykje informasjon om oss. Eg selde sjela mi til Google for lenge sidan, og har Google-konto, Gmail, kalender og så vidare. Eg let dei til og med registrere nettsider som eg ikkje har funne via Google. All denne informasjonen gjer at dei kan tilpasse søka til våre behov, og sjølvsagt at dei kan tilpasse reklamen, seier Rettedal.

**Les også:

Her er spøkefuglene**

GOOGLE SIN IVER etter å samle informasjon om oss enda for ei stund sidan i ei lita skandale, då det vart klart at Google-bilane som køyrde rundt og tok gatebilete òg registrerte alle trådlause nettverk dei køyrde forbi. Fleire land, mellom anna Tyskland, har gått til sak for brot på privatlivets fred, medan få har reagert her i landet.

Eit stort, amerikansk firma veit altså kvar vi bur, kva nettverket vårt heiter, kva vi leiter etter på nettet, og har vi i tillegg Gmail, kan dei òg i teorien lese e-posten vår.

Men vi gjer òg vårt: Vi gjev eit anna stort, amerikansk selskap, Facebook, opplysningar om dei mest private ting, som venekrins, bilete av ungane, kva vi likar og ikkje likar og så vidare. I tillegg legg vi mykje av det ope ut på nettet, slik at alle kan sjå det.

Legg vi til all videoovervakinga av offentlege rom, det andre skriv om oss på nettet og nye tenester som fortel alle kvar vi er til ei kvar tid (til dømes Facebook Places), har vi akseptert eit overvakingssamfunn som ville fått gamle Stasi-agentar til å drukne i sikkel, smilande.

KORLEIS HAR VI ENDA opp med å akseptere dette?

— For det første trur eg at vi gjer alt dette fordi det er teknisk mogleg. For det andre får vi noko igjen for det, dette er ting som gjer verda lettare for oss. For det tredje handlar det om at vi forventar at barn og unge skal overvakast meir enn før, seier Rettberg, og viser som døme til den nye mobiltenesta Bipper, som let foreldre kontrollere kven ungane ringjer til og kvar ungane er.

Eit anna døme er nettportalen It's Learning, som alle elevar i Bergen og fleire andre kommunar i Noreg brukar.

  • Mi dotter vart veldig overraska då eg fortalde henne at læraren kunne gå inn og sjå kva ho gjer til ei kvar tid, seier ho.

I USA får skuleelevar utdelt bærbare PC-ar med programvare som gjer at læraren via webkameraet på maskina kan sjå kva eleven gjer til ei kvar tid. Det vart først ei stor sak då ein lærar skulda ein elev for å ha røykt marihuana heime på guterommet. Læraren hadde sjølv sett det via elevens webkamera

I Nord-Trøndelag fekk alle elevar i den vidaregåande skulen i fjor PC-ar som loggførte alt elevane gjorde på maskinene.

**Les også:

Viser Bergens gater**

— NÅR SJØLV LÆRARAR aksepterer slik overvaking, kva seier det om oss?

  • Vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar, som det heiter. Dei meiner godt. Eg trur heller ikkje Google går inn for å vere vonde, men at dei vil gje oss betre tenester.

- Blir du ikkje uroa sjølv?

  • Google veit svært mykje om meg. Viss vi endar i eit diktatur og dei får tilgang til den informasjonen, vil eg få problem. Eg burde sjølvsagt ikkje bruke Google eller Iphone, men problemet er at gleda av det på kort sikt er så utruleg stor, seier Rettberg, som òg er ein ivrig bloggar på nettet.

Det finst dei som kjempar mot det svulmande overvakingssamfunnet, som til dømes Electronic Frontier Foundation og Elektronisk Forpost Norge.

I Norge har det òg bygd seg opp ein brei politisk motstand mot EUs nye datalagringsdirektiv, som pålegg operatørane å lagre trafikkdata for e-post, telefoni og internettbruk.

Men er det ikkje litt rart at vi protesterer mot dette direktivet, men samstundes legg ut store mengder personopplysningar om oss sjølve frivillig på nettet?

  • Jau, det er eit kjempeparadoks. Det er kanskje slik som i klimasaka, at vi veit vi bør skjerpe oss, men så er det så godt å dusje og køyre bil, seier Rettberg.

Hva bør vi akseptere av overvåking? Er Googles tjeneste ok?