Ordførar Jorunn Skåden (Ap) har for lengst skaffa seg sitt grøne kort – inngangsbilletten til golfspelet. Med fynd slår ho ballen over dammar og fairway-ar på 18-holsbanen Sveio golfpark.

– Banen er blitt eit fantastisk marknadsføringsprosjekt for kommunen på line med Ryvarden fyr, slår Skåden fast mellom slaga i ei av salamander-løypene på golfanlegget vest for Sveio sentrum.

Ikkje berre har den truga amfibiearten stor salamander slege seg ned i eige reservat i Sveio. Også ettertrakta tobeinte skapningar søkjer til Hordalands sørlegaste kommune. Golfsatsinga får ein stor del av æra.

Folkevekst

Sveio har hatt ein jamt god folketilvekst sidan den første 9-holsbanen var ferdig i 2001, og kan i år passera 5000 innbyggjarar for første gong.

I fjor var ein fullverdig 18-holsbane klar, og suksessen held fram. Golfparkområdet er i ferd med å bli ein eigen landsby, med rundt 60 nye husvære og eit næringsbygg oppført nær golfanlegget. Over 40 nye tomter skal leggjast ut for sal, halvparten kommunale.

– Hus— og tomteomsetnaden ved golfparken har gått svært bra. Salet har finansiert den siste utvidinga til 18-holsbane, seier ordførar Jorunn Skåden.

Golfgymnas

Sveio kommune eig 67 prosent i Sveio golfpark, Haugaland Golfklubb resten. Så langt har kommunen investert 43 millionar kroner i golfanlegget. Kommunen har ei gjeld på berre kring åtte millionar på banen, fordi investeringa er finansiert med eigedomssal.

Utan golfbanen hadde ikkje Sveio hatt eit vidaregåande skuletilbod – ei idrettsline med valfaga hest, ballspel og golf. Lina er ei avdeling av Stord vidaregåande skule.

Golflina har hatt sine startvanskar, og berre ti elevar er i dag tilknytte utdanninga og bur på internat i golfparken.

Knoppskyting

Golfbanen sysselset fire personar på heiltid. Det er også nye arbeidsplassar knytt til eit næring-, konferanse- og spasenter som eit Haugesund-firma har oppført ved inngangen til anlegget.

I og rundt golfparken er det stadig stor anleggsaktivitet. Hus- og næringstomter blir tilrettelagt, golffasilitetane blir utvida. Det skal blant anna lagast ny driving range, som er golfarane sitt øvingsområde for utslag.

Konstituert Sveio-rådmann Mikal Møller Hovda hugsar at det klart blei oppfatta som ein vill idé då ein golfentusiast frå Haugesund kom på kommunehuset i 1988 og ville byggja golfbane i Sveio.

Lokalpolitisk var det liten motstand mot prosjektet, særleg etter at det blei lokalisert til eit i hovudsak kommunalt og statleg og lite produktivt utmarksområde.

– Det er investert ein del pengar, men det har betalt seg. Vi har fått eit flott golfanlegg med nytt bustadområde og nye innbyggjarar, seier ordførar Jorun Skåden. Ho var laurdag aktiv deltakar i Sveio kommune Open, ei turnering som samla 72 spelarar i Sveio golfpark. Skåden blei nummer fire i kvinneklassen.

HEILÅRS: 18-holsbanen Sveio golfpark er eit heilårsanlegg i vestnorsk lyngheilandskap. FOTO: OVE A. OLDERKJÆR