HSD Buss selde 581 periodekort, såkalla miljøkort, eller strilekort , for strekninga Knarvik-Bergen i januar i år. — Det er 16 prosent meir enn i januar i fjor, og ei svært gledeleg utvikling, seier direktør Frank Aadland i HSD Buss til Bergens Tidende.

Det har vore uvisse om korleis det ville gå med busstrafikken over Nordhordlandsbrua etter at bompengane vart borte frå 1. januar. For å halda på kundane, vedtok fylkestinget før jul å setja ned prisen på periodekort (månadskort) med 40 prosent, frå 1050 kroner til 630 kroner.

Resultatet er altså ein bra auke i talet på bussreisande.

Dette vil vi ha her óg når Askøybrua vert gratis til hausten. Og då må kanskje same ordninga innførast på Sotrabrua, seier medlem i samferdsleutvalet, Torill Vebenstad, Ap, frå Askøy.

Og her ligg fylket sitt problem.

Ei utviding av ordninga med rabatt på busskortet til Askøybrua og Sotrabrua er ikkje finansiert, seier samferdslesjef Magnus Vestrheim til Bergens Tidende.

Og sjølvsagt vil ein slik rabatt også omfatta Snarveien.

Fylkestinget vedtok å setja av 1,5 millionar kroner til å dekka inntektstapet ved sal av miljøkortet i ein periode fram til og med mai månad.

Då vi innførde ordninga, meinte eg det ville vera eit rimeleg godt resultat om vi greidde å halda på dei passasjerane som alt hadde periodekort. Dersom salet av kort vert mykje større enn før, aukar og inntektstapet som fylket må dekka, seier Vestrheim. No er han spent på om fylket har sett av nok pengar til det som alt er vedteke.

Når det gjeld utviding av ordninga, veit ikkje Vestrheim pr. i dag kor pengane skal takast frå.

I fylkestingets vedtak står det at prøveordninga over Nordhordlandsbrua skal evaluerast. Er resultatet godt, skal fylket vurdera å utvida ordninga til andre innfartsårer til Bergen.

— Slik eg tolkar vedtaket, er det fylkestinget sin klåre meining at ordninga skal utvidast dersom resultatet frå prøveperioden på Nordhordlandsbrua er godt, seier Pål Kårbø, som er gruppeleiar for KrF. Kårbø, som er nordhordlending, stod saman med partikollega Grethe Lunde frå Radøy om forslaget som enda med vedtak om rabatt på periodekortet.