Dei er ikkje akkurat pensjonistar, men ekteparet Steinar (63) og Jurate (49) Haugen lever akkurat slik som livsnytarane frå no av kan halde fram med, og det med godt samvit.

Eit halvt glas vin om dagen og ti gram sjokolade er faktisk bra for deg! Dette nye forskingsresultatet er nettopp publisert i det medisinske tidsskriftet The Journal of Nutrition, og byggjer på Helseundersøkinga i Hordaland (HUSK).

— Det er vel omtrent slik vi lever. Vi deler ei falske vin i ny og ne og et ofte sjokolade. Eg er for det meste i twistposen, seier Steinar.

— Alt med måte, men at litt vin er godt for helsa, lærte eg faktisk av min far, seier kona, som ikkje er overraska over kva forskarane har funne ut.

Vindrikkarane til topps

Over 2000 personar mellom 70 og 74 år i Hordaland har svart på eit omfattande spørjeskjema om kosthald i kvardagen, og gjennomført kognitive standardtestar.

Ut frå testane har forskarane klassifisert mellom deltakarar med svært godt minne og mindre godt minne, og deretter samanlikna resultatet med kosthaldet.

Høgast score fekk vindrikkarane, etterfølgt av sjokoladeetarane. På tredjeplass kom tedrikkarane.

Men aller best resultat fekk dei som åt og drakk både vin, te og sjokolade!

Nok med eit halvt glas

  • Dei største forskjellane fann vi mellom dei som ikkje drikk vin eller et sjokolade og dei som drikk vin i moderate mengder og et litt sjokolade, seier professor i samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen, Grethe S. Tell.
  • Men alt med måte. Vi fann også at det ikkje hjelper å drikke meir vin for å betre mental funksjonsevne. Det flatar ut på eit vis. Det er ikkje meir å hente.

— Ingen vits i å tylle i seg meir, altså?

  • Ikkje for å få betre minne, iallfall. Dessutan veit vi frå før at stort alkoholinntak aukar risikoen for demens og Alzheimer.

Livsstil og næringsstoff

Både vin, sjokolade og te er rike på flavonoidar. Dette mikronæringsstoffet finst også i frukt, kakao, grønsaker og kaffibønner, og forsking viser at flavanoidar kan førebyggje nettopp demens og Alzheimer.

— Er det først og fremst eldre som kan ha god effekt av vin og sjokolade?

  • Det er dei som har delteke i denne undersøkinga, men resultat gjeld truleg ikkje berre eldre menneske, seier Tell.

— Kan ein tenkje seg at dette ikkje berre handlar om effekten av spesielle næringsstoff, men også om livsstil?

  • Det kan det. Eit moderat vininntak kan vere ein markør for ein viss livsstil, og vi veit at folk som drikk litt vin ofte har eit betre kosthald og meir utdanning. Men vi har justert for andre faktorar, slik at effekten vi har funne er uavhengig av for eksempel røyking og utdanning.
Eirik Brekke