Ulstein Group sine førebelse tal syner at konsernet har ei omsetning på 3,6 milliardar kroner i 2009, og eit driftsresultat på 520,9 millionar kroner.

— Vi er glade for å kunne presentere gode resultat i ei tid som elles er utfordrande, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

Ho peikar på at kommersialisering av design- og utstyrspakkar, bygginga ved eige og andre verft samt elektro- og kontrollsystem har gitt verksemda god inntening dei siste åra.

— Dette gir oss eit viktig grunnlag for å halde fram med å byggje eit robust konsern, sjølv om vi og må tilpasse oss ein utfordrande marknad, seier Ulstein.