— Dette betyr at det ikkje er nokon fare for Hardangerbrua. Anleggsarbeidet vil starta i 2009 og brua skal opnast i 2013, seier regionvegsjef Olav Ellevset til bt.no.

Vegvesenet har fått inn anbod på fire ulike kontrakter for Hardangerbrua. Det gjeld tilførslevegar på Vallaviksida, tilførslevegar på Bu-sida, betongarbeid og stålarbeid.

  • Entreprenørselskapet AF Scandinavia er billegast på tilførslevegar på Bu-sida, med 191 millionar kroner.
  • På Vallavik-sida er Hæhre entrprenør AS billegast, med 120 millionar kroner.
  • Veidekke AS har det lågaste anbodet på betong, med 331 millionar kroner.
  • Eit dansk selskap, MT Høigaard, har det lågasta anbodet for stål- og montasjearbeida, med 761 millionar kroner.Dei fire anboda summerer seg til godt og vel 1,4 milliardar kroner. Med moms og tilleggsarbeid kjem sluttsummen opp i ca. 2 milliardar.

Styringsramma for Hardangerbrua ligg på rundt 2,1 milliardar kroner.

Kva synest du om prosjektet? Sei di meining i feltet under!

BILLEGARE: Hardangerbrua vert ikkje så dyr som Statens vegvesen trudde. ILLUSTRASJON: ARKIV