Soldisen ligg som eit brureslør over Fanafjorden. På andre sida ligg Fanahammeren, Sageneset, Rød. Eit vakkert og velkjent landskap for mange på Hordnestunet. Og godt å kvile auga på frå lenestolane i daglegstova.

I ein av dei sit 89-åringen Edel Rød. Ho blir oppdatert på siste nytt om oldebarna.

— Sander har fått ei tann. Og er sååå glad i graut. Men middagen spyttar han ut igjen, legg Ingerd Lerøy til.

Eit par solbriller ligg i korga på den grøne gåstolen. Snart er det vår. Dottera lener seg mot mor si igjen.

— Det er fin temperatur ute i dag, om ikkje lenge kan du sitje ute. Det blir fint.

God atmosfære

Hordnestunet er ein liten sjukeheim med tjue bebuarar. Alle har einerom med bad.

— Vi har våre eigne ting og møblar med, så det følest som heime, fortel Esther Stavik Paulsen, som blir «nitti-straks-om-hjørnet».

— Og vi får god mat og godt stell, så vi har ingenting å klage på, legg Trine Marie Sellevåg (94) til.

— Ingenting?

— Det ville vel ikkje hjelpe å klage om vi så ville det, seier ho og ler godt.

To gonger i veka kjem ei lita gruppe dagpasientar innom.

— Eit friskt pust utanfrå, fortel styrar Lisbeth Andersen.

Femti prosent av dei pårørande til bebuarane på Hordnestunet har delteke i undersøkinga frå Kommunerevisjonen. Alle svarar at dei alt i alt er fornøgde med butilbodet. Ingen andre sjukeheimar i Bergen scorer høgare enn Hordnestunet på dette spørsmålet.

Herrestafett og eplekake

— Ein sjukeheim blir aldri heilt som heime, men vi tilstrebar at det skal vere så heimekoseleg som mogleg. For oss er respekt og integritet viktig. Å finne ut kva den einskilde ønskjer, og etterkome det så langt vi kan, seier styraren, og nikkar mot den fantastiske Fana-utsikta.

— Der er vårt største aktivum. Dessutan er bebuarane mykje ute, særleg i sommarhalvåret. Anten dei sit ute på terrassen og solar seg, eller blir trilla ein tur i rullestol.

To gåstolar står parkert langs den eine veggen i Solstuen. I sofakroken på avdelinga for alders demente er det tid for eplekake med noko attåt: Herrestafetten frå Val di Fiemme.

— Vi er ikkje verre enn at vi må følge med på det der, seier gruppeleiar Nina Revheim, og nikkar mot tv-apparatet.

Humor

Ho er glad for at arbeidsplassen hennar scorer så godt i sjukeheimsundersøkinga.

— Veldig kjekt. Ei skikkeleg oppmuntring i kvardagen.

Og i godstolen lyser 83-åringen Åsta Liland om kapp med den gule primulaen på kaffibordet..

— Vi har det godt her. Mat og drikke får vi. Søv godt gjer vi også, og luftar oss kvar dag. Ikkje er vi i «klabeit» med dei der heller, ler ho, og blunkar mot pleiarane.

— Vi må jo ha det litt humoristisk. Kan ikkje gå rundt og vere sure, heller.

Esther Stavik Paulsen, snart 90

FOTO: HELGE HANSEN