Bergensbanen har i dag seks godstog kvar veg seks dagar i veka, og eit sundagstog. Frå den halvårsvisse ruteendringa 6. januar har Jernbaneverket rydda plass til eit dagleg togpar nummer sju. Men CargoNet har ikkje meir materiell. Gods er det ingen mangel på.

Storhandel

— Vi har tinga 300 nye vogner, og dei blir levert frå fabrikken fortløpande i tida frametter, opplyser direktør Bjarne Wist i CargoNet til Bergens Tidende.

— Når kjem det sjuande togparet i drift på Bergensbanen?

— Sannsynlegvis utpå sommaren ein gong. Vi manglar togmateriell på alle strekningane våre, ikkje berre på Bergensbanen. Men vi vil ta i bruk den nye ruta i togtabellen allereie 1. april, utan at det blir ei dagleg rute, seier Wist.

Planen er å ta spesialvognene med nye bilar til bilforhandlarane i Bergen ut av dei ordinære godstoga, og samla dei i eigne tog, to til fire dagar i veka.

— Dermed blir det plass til meir av det ordinære godset på dei eksisterande rutene, seier Wist.

På lokomotivsida står det betre til, ettersom også El-16 lok er tekne i bruk. I utgangspunktet overtok CargoNet El-14-lokomotiva til NSB.

Når nye vogner er på plass til hausten, blir det nok ordinære godstog i biltogruta også, dei dagane det ikkje går biltog. Godstrafikken aukar 15-20 prosent årleg.

Skal det ryddast plass på rutetabellen til enda fleire godstog, melder trongen for fleire lange kyssingsspor seg med full tyngd. Høgst på lista står dobbeltspor Bergen - Arna, der trafikken er tettast.

Kvar av dei 300 nye vognene får plass til fire standard containerar eller to semitrailerar med alle hjula på. Semitrailerane vert hekta av trekkvogna til dømes i Oslo, og hekta på ei anna trekkvogn i Bergen for vidare vegtransport.

Prioritert

Godstoga køyrer heile strekninga utan å stogga for annan enn møtande tog. Tidlegare vart godsvogner hekta av og skifta inn på fleire stasjonar undervegs. Det tok tid, og kravde mange arbeidstimar på stasjonane. No går undervegstrafikken på godssida med bil. Godstoga blir sjeldan forbikøyrde av persontog. Sidan det av tryggleiksgrunnar må vera ein stasjon mellom to tog i same retning, blir eit forbikøyrt tog ståande lenge på stasjonen.

— Det er no stor forståing for at godstoga blir prioritert. Den samfunnsmessige kostnaden er større ved å halda att eit godstog enn til dømes eit lokaltog, kanskje bortsett frå rushtrafikken i storbyane, seier Wist.