Gunnhild Jaastad er på krigsstien igjen. No er det husbukkar ho vil ta knekken på. Tidlegare tok ho doktorgraden på kirsebærfluga. Og det er kjønnslivet som ser ut til å vera nøkkelen denne gongen også. Husbukken som herjar i museumsbygningane på Agatunet i Sørfjorden kan bli «forsøkskaniner». Jaastad vil konsentrera seg om luktesansen til hannane.

— Det er hannane som finn fram til fjøla eller planken der egga skal leggast. Dei brukar luktesansen til å finna plank av geite, ikkje alde (kjerneved), på furu. Der lokkar han til seg ei ho-bille for paring og egglegging, forklarar Jaastad.

Ho trur at ein husbukk-populasjon kan utryddast ved å gje furuplankane lukt av lauvtre. Då vil ikkje nye husbukklarver bli klekka ut.

— Sannsynlegvis må vi samstundes gje dei eit tilbod som luktar furu. Elles kan kjønnsdrifta bli så stor at nedarva luktpreferansar vert overkøyrt, resonnerer ho.

Avleiings-godbiten kan vera verdilause plankebitar med furu-lukt, men av eit treslag som larven ikkje trivst i.

Husbukken er ein dårleg flygar og har eit svært kort vaksenliv. Han flyg eit lite stykke, parar seg, får lagt egg, og døyr. Når egga er klekte, gnafsar larven seg inn i treverket og blir der i opptil 15 år. Han gneg seg gangar i fjøla, oftast heilt ute ved overflata. Tunnelveggen som står att, kan vera tynn som eit papir, men det blir ikkje hol før han er vaksen, blitt bille, og klar til sitt korte og sexfikserte vaksenliv. Utgangsholet er beste kjenneteiknet på husbukkåtak.

Agatunet har vore plaga med husbukk lenge. Han må ha kome dit med tilkøyrt trelast. Han har ikkje evne til å flyga distansane mellom populasjonane som finst her i landet. Han trivst best, og er mest aktiv, når temperaturen er oppunder 30 varmegrader, og kan gjera utruleg stor skade. Jakobs-doen står i fare for å ramla saman på grunn av husbukk-åtak. Også eit par andre bygningar i tunet treng vølast straks. Men resten av populasjonen vil Gunnhild Jaastad gjerne ha der, til å forska på. Med støtte frå

Riksatikvaren er eit forprosjekt gjennomført ved Planteforsk på Lofthus, og Jaastad ser nytte i eit omfattande forskningsprosjekt for å sjå om alternativ til tradisjonell giftsprøyting kan ta knekken på husbukken. Såvel svenske som tyske og britiske samarbeidspartnarar er aktuelle. Desse forskningsmiljøa er komne langt med likande spørsmål. Svenskane har endåtil greidd å festa elektrodar på dei ørsmå antennene på rognebærmøllen.

SUNDGNAGA UTEDO: Jakobsdoen på Agatunet er ille medfaren av husbukk, og styreformann Guttorm Rogdaberg leitar etter pengar til reparasjonar. Forskar Gunnhild Jaastad vil gjerne forska på husbukken på nokre av dei andre husa i tunet.
FOTO: ARNE HOFSETH