Eit gåvebrev på mange nok tusenlappar til å kjøpa elektronisk fiolin skifte hender utanfor Voss Gåvebutikk, like ved Vangskyrkja. Førkrigshuset i tre står der enno, takka vere fiolineleven ved Voss gymnas.

— Eit slikt instrument har eg lyst på, i tillegg til den konvensjonelle fiolinen eg spelar på, seier Guro.

Det må forsterkar og høgtalar til for å få skikkeleg lyd av den elektroniske utgåva, med han er langt rimelegare og gjer god nytte til øving.

Såg flammar

Guro Prestegard gjekk tilfeldigvis forbi suvenirbutikken då ho oppdaga brannen.

— Eg trudde først det var ein fjernsynsskjerm med «kunstig» peis eg hadde fått eit glimt av. Men flammane fekk meg til å sjå nærare etter. Då var flammane borte. I staden var det masse røyk i butikken, fortel Guro.

Det fekk henne til å ringa til faren. Frode Prestegard er mannskap i Voss brannvern, og slo alarm. Så sette han kursen for brannstaden, og fekk alle ut av bustadene i andre høgda. Guro har også fått ei påskjøning av huseigaren.

Kjellaren, der brannen tok til, og butikkane på gatenivå vart brann-, vass- og røykskadde for rundt ein million kroner. Men det ville kosta Gjensidige ti millionar til, om huset hadde brunne ned til grunnen, fortel informasjonsansvarleg Arne Voll i Gjensidige,

— Det viktigaste er likevel at ingen miste livet, legg han til.

Lei statistikk

84 menneske omkom i brannar her i landet i fjor, 32 av dei i første halvår. I år hadde 26 mist livet ved halvårsskiftet.

— Dette er for så vidt ei positiv utvikling, men 2008 var eit fælt brannår, og spørsmålet er korleis det går i år når vinteren nærmar seg. Desember er ein stygg månad i brannstatistikkane, seier Voll.

I fjor vart det registrert om lag 14.700 store, små og bittesmå brannar. Bustadbrannane hjå Gjensidige auka med 27 prosent, frå 2900 i 2007 til 3700 i fjor. 2,3 milliardar kroner gjekk med til å reparera skadane.

— Utviklinga er skremmande, seier Arne Voll, og understrekar kor viktig det er at brannar vert varsla tidleg. Til det trengst det røykvarslarar med batteri som fungerer, og vakne og handlekraftige personar som Guro Prestegard.

GÅVEBREV: Oi, her er det pengar nok til å kjøpa elektronisk fiolin, konstaterer Guro Prestegard.
Arne Hofseth