Så godt er resultatet at oppdrettarane sine gamle fiendar i miljøvernavdelinga hos fylkesmannen vil gi oppdrettarane miljøvernpris.

— No har vi full kontroll, seier ein nøgd Stigum Olsen.

Stigum Olsen er produksjonskoordinator i oppdrettsselskapet Tombregruppen, og initiativtakar og eldsjel i tre år gamle Hardanger Fiskehelsenettverk (HFN).

HFN omfattar 95 prosent av oppdrettsproduksjonen i Hardangerfjorden, og har gjennom eit nyskapande samarbeid oppdrettarane mellom greidd å endre Hardangerfjorden frå å vere eit skrekk-eksempel til å bli eit føredøme for heile oppdretts-Noreg.

Samla innsats

Stikkordet for å bli kvitt lakselusa er god overvaking og samordna innsats.

Lakselus er ein liten krepseart som snyltar på laksen.

Lusa har fått mykje av skulda for at dei ville laksestammen er truga. Grunnen er at lusa - som har gode vokstervilkår hos all laksen i oppdrettsanlegga - set seg på laksesmolten når den om våren vandrar ut frå elvane og til havs for å gjere seg feit. Ti lus og laksen er ferdig og kan aldri vende tilbake til elva for å gyte.

Oppdrettarane brukar ein kombinasjon av leppefisk - ein fisk som beitar på lus i oppdrettsanlegg - og kjemisk behandling. Samordna innsats er viktig, fordi det gjeld å hindre at lus spreier seg frå anlegg til anlegg med straumen i fjorden. så lenge kvar oppdrettar dreiv avlusing for seg sjølv, kunne alt arbeidet vere fåfengd om naboen forsømte seg om han fekk luseangrep.

Uglesett

Fiskeforvaltar Atle Kambestad hos Fylkesmannens miljøvernavdeling har vore eit hatobjekt hos delar av oppdrettsnæringa i Hordaland. Grunnen er mellom anna kritikk mot oppdrettsnæringa for manglande vilje til å ta luseproblemet alvorleg.

— Atle, deg for tre år sidan på eit oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden, det hadde vore skotpremie på deg, fleipar Stigum Olsen.

No står Kambestad på Tombregruppen sitt anlegg i Dysvik og rosar oppdrettarane og Hardanger Fiskehelsenettverk opp i skyene. Miljøvernavdelinga meiner Hardanger Fiskehelsenettverk har gjort ein så god jobb at oppdrettarane fortener miljøvernprisen Hordaland Fylkeskommune skal del ut i oktober.

— Kan du ikkje berre finne ei lus no då, ler Kambestad.

— Det finst ikkje. Vi har rett og slett gjort lusa utrydningstruga, svarar Stigum Olsen.

Han meiner innsatsen mot lakselusa har gjort at oppdrettarane er kvitt trugsmålet om å bli kasta ut av fjorden. Samstundes tener dei på samarbeidet, fordi mindre lus gir betre vekst og lågare utgifter til avlusing.

Etterlyser press

Oppdrettarane i Nord-Hordland har etablert eit nettverk etter mønster av Hardanger Fiskehelsenettverk i år. Kambestad og Stigum Olsen vonar oppdrettsnæring også elles i landet vil følgje etter.

Men det etterlyser begge strekar press frå Mattilsynet, som har maktmiddel til å presse fram liknande tiltak andre stader.

Det bør vere obligatorisk å vere med på denne type samarbeid når det først er etablert, meiner Kambestad og Stigum Olsen.

Dessutan bør tilsynet sjå på erfaringa fiskehelsenettverket har med å stille krav til kor mykje lus det kan vere på fisken.

Erfaringane frå Hardangerfjorden viser at det er mogleg å halde lusemengda under krava frå Hardanger Fiskehelsenettverk, som er dobbelt så strenge som krava styresmaktene stiller.

IDYLL: Fiskeforvalter Atle Kambestad hos fylkesmannens miljøvernavdeling vil gi Rune Stigum Olsen (t.v.) og oppdrettarane i Hardanger miljøvernpris for arbeidt mot lakselus. FOTO: OGNE ØYEHAUG