Bergens Tidende kunne i går fortelja at politiet er på jakt etter ein kvit bil merka «Bergen bilutleie».

— Vi er på veldig god veg til å oppklara denne saka. Vi har gode vitneforklaringar og konkrete spor å gå etter, seier politibetjent Gunnar Breivik ved lensmannskontoret i Lærdal til Bergens Tidende.

At tomgods blir tjuvegods vert ikkje rekna som noko stort problem i bygda som huser Lærum-konsernet sin sorteringssentral for panteflasker.

— Vi sorterer ut flasker som Lærum kan bruka, og sender dei til tappeanlegget på Kaupangerskogen. Andre tomflasker, som Coca og Pepsi, sender vi til dei respektive fabrikkane, opplyser plassjef Ivar Hillestad ved Lærumavdelinga i Lærdal.

Det har hendt at uvedkomande i pengeknipe har klatra over gjerdet og rappa ei kasse eller to med tomflasker som dei vil heva panten for, men noko stort omfang har ikkje dette, seier Hillestad.

Dessutan har politiet hatt rimeleg godt hell med oppklaringa av desse tjuveria dei siste åra, fortel politibetjent Breivik.

Tilfellet natt til laurdag var det verste, ettersom det vart klipt hol i flettverksgjerdet og køyrt inn ein stor varebil som romma heile 222 kasser. Panteverdien er mellom åtte og ni tusen kroner, men for Lærumkonsernet kostar det nesten like mykje i tidsheft og ekstraarbeid. Dessutan må gjerdet reparerast.

Også ved Lærum sitt hovudanlegg på Kaupangerskogen i Sogndal, har panteflasker vorte stolne.