Det er Kjetil Strand, ekspert på trafikkprognosar i Statens vegvesen, som dreg denne konklusjonen.

Dette vil nok roa mange som bur på Ullensvang vestside, altså langs Rv. 550 Odda-Utne-Jondal.

Der har folk lenge spurt seg korleis det går med ferjetilbodet dersom Hardangerbrua dreg til seg store delar av den trafikken som i dag reiser med ferja mellom Kvanndal, Utne og Kinsarvik.

Og dei har grunn til å stilla spørsmål. For trafikkprognosane fortel at trafikken på ferjesambandet vil gå ned frå dagens ca. 650 bilar til mellom 250 og 400. Altså i praksis ei halvering.

Og har folk då lov til å venta at ferjene går like ofte som i dag, med 22 daglege avgangar mellom Kinsarvik og Utne og 47 mellom Kvanndal og Utne?

Retningsliner — Ja, slik vi ser det, er det grunn til å tru at trafikken også etter Hardangerbrua vil vera stor nok til å køyra like mange avgangar som i dag. Men truleg må vi gå ned på ferjemateriellet, slik at «Hardingen» må bytast ut med ei mindre ferje, til dømes på «Tysnes sin storleik, seier Kjetil Strand.

Han forklarar at Statens vegvesen har retningsliner å gå etter når dei avgjer standarden for eit ferjesamband.

— Desse retningslinene fortel kor mange avgangar vi skal ha, til dømes frå Kvanndal, når trafikken er så og så stor. Då reknar vi og med såkalla «personbileiningar», korta pbe, der lastebilar, vogntog og bussar er rekna om til personbilar. Dette betyr at når trafikken på Kvanndal-Utne-Kinsarvik er 650 bilar i døgnet, så er det same som 1.100 pbe. Dette fordi det er mange store køyrety med ferja, forklarar Kjetil Strand.

Ferje i 16 timar

– Dei retningslinene vi har, seier at når trafikken på ferjesambandet er mellom 500 og 1.500 personbileiningar i døgnet, skal sambandet ha ein frekvens på 25 avgangar. Og det tilsvarar om lag talet på avgangar i dag frå Kvanndal mot Utne og Kinsarvik. Retningslinene seier og at sambandet då skal ha faste avgangstider frå klokka 07 til klokka 18, og at det skal vera ope i til saman 16 av døgnets 24 timar. I dag er sambandet Utne-Kvanndal ope i 16 timar og 50 minutt, seier Strand.

På den sikre sida

– Kor trygge er de på desse trafikktala, som berre er prognosar? Dersom trafikken over Hardangerbrua skulle verta mindre enn venta, kan vegstyresmaktene verta freista til å strupa ferjetrafikken endå meir.

– Det tvilar eg på. Trafikktala for Hardangerbrua er justerte kraftig nedover for å vera på den sikre sida. Samstundes har vi røynsle for at vi ofte undervurderer ferjetrafikken.

– Saksordføraren for Hardangerbrua, Øyvind Halleraker, H, meiner at Jondalstunnelen kan verta eit større trugsmål for ferja Kvanndal-Utne enn Hardangerbrua?

– Det trur eg ikkje vil slå til. I alle fall ikkje så lenge det vert kravt bompengar på Jondalstunnelen.

Halleraker burde vita Det trur heller ikkje varaordførar Sigrid Brattabø Handegard i Jondal. Ho reagerer på Halleraker si utsegn i BT 9. januar, der han seier at Jondalstunnelen vil ta meir trafikk frå ferja Kvanndal-Utne enn Hardangerbrua.

– Som saksordførar burde Halleraker vita kva som står i proposisjonen om Hardangerbrua. Der står det m.a. at trafikken på Rv. 13 Bu-Odda vil auka frå 1.200 bilar utan bru til 1.750 bilar i 2020. Regjeringa skriv og at denne auken skriv seg frå trafikk som vert overført frå Rv. 550, «ettersom Hardangerbrua vil vera eit naturleg val for trafikk som i dag går med ferja mellom Utne og Kvanndal», seier Sigrid Brattabø Handegard.

"TYSNES" PASSELEG STOR? «Hardingen» har stor salong oppe og kan dermed tilby dei reisande ei betre fjordoppleving enn «Tysnes», som berre har salong under dekk. Men «Hardingen» vert truleg for dyr i drift dersom trafikken mellom Kvanndal og Utne vert halvert.
BJØRN ERIK LARSEN