• Engasjer deg. Snakk med barna om spela, og spel gjerne saman med dei. Hjelp ungane til å forhalde seg realistisk til det dei ser og høyrer.
  • Lær av barna. Det er ofte ungane som er ekspertane, og som har store kunnskapar om spel.
  • Inngå avtalar. Inngå avtalar med barna om når og kor mykje dei kan spele. Ver tydeleg, ikkje alle spel er eigna for ungar. Sei kva du meiner og kvifor.
  • Plasser datamaskina synleg. Ved å plassere spelkonsollen eller pc'en meir synleg i heimen, kan du lettare ta del og følgje med når barna spelar.
  • Lag andre aktivitetar. Det er bra å ta pause frå skjermen. Barn som spelar i timevis, har behov for å røre seg. Kjedar dei seg utan dataspel, har dei bruk for andre fritidsaktivitetar.
  • Kjenn spela. Sjekk aldersmerking og set grenser for kva typar spel ungane får bruke. Rådfør deg med andre, og hugs at piratkopiar ikkje er aldersmerka.
  • Snakk med andre foreldre. Del erfaringar, og diskuter haldningar og reglar når det gjeld spel.

(KJELDE: Medietilsynet)