— Grovbrød eller kornblanding, mjølk eller juice. Få i deg frukost! oppmodar Kari Traa.

— Sjølv har eg problem med å få i meg mat om morgonen, men eg pressar han i meg, seier OL- og VM-vinnaren i kulekøyring frå Voss.

Helsedepartementet og Utdannings- og forskningsdepartementet lanserte i vinter prosjektet «Fysisk aktivitet og måltider i skolen». Temaet er omtalt i stortingsmeldinga om den nye skulen, som skal handsamast politisk i Stortinget denne veka.

Kosthaldsundersøkingar viser at talet på overvektige 13-åringar auka frå åtte til ti prosent frå 1993 til 2000. Helsemyndigheitene meiner overvekt blir ei av dei største helseutfordringane i åra som kjem. Overvekt, på grunn av for mykje feit mat og for lite mosjon, er hovudårsaka til at talet på livsstilssjukdomar har auka kraftig.

Uopplagde til langt på dag

Foreldra sitt arbeidsutval (FAU) ved Osterøy ungdomsskule er lei av at elevane er uopplagde langt utover dagen fordi dei ikkje har fått i seg mat om morgonen. Difor inviterte dei Kari Traa slik at ho kunne fortelje ungdomen om kor viktig det er med rett kosthald og fysisk aktivitet.

— Det viser seg at 30 prosent av norske skuleelevar ikkje et frukost. Det er litt kjipt, sa vossetausa til elevane.

— Sjokolade og kveitebollar gir også energi. Men ikkje så mykje som grovt brød. Difor er grovbrød betre. Frukost er dagens viktigaste måltid, predikerte Traa framfor dei 400 ungdomsskuleelevane.

Produktplassering

Departementet har delt ut fem millionar kroner fordelt på 100 skular til prosjektet «Fysisk aktivitet og måltider i skolen» i år. Det blir delt ut nye fem millionar neste år. Osterøy ungdomsskule er ikkje blant dei 100 skulane.

Kari Traa representerer produsenten av kornblandingsproduktet AXA når ho reiser rundt for å få skuleelevar til å ete sunt. Saman med Bente Skari, Thomas Alsgaard og Bjørn Dæhlie er ho med i det såkalla «AXA frokost-team». Ein annan OL-vinnar i kulekøyring, Stine Lise Hattestad Bratsberg, er hyrt inn som kommunikasjonsrådgjevar.

I tillegg til frukostblandinga eksponerte Kari Traa sin eigen kleskolleksjon, Tine og Bula i samband med frukostmøtet med elevane.

Rektor Christian Lampe ved Osterøy ungdomsskule seier at produktplasseringa i skulen ikkje er problemfri.

- Har tatt samfunnsansvar

— Ein kan synast mykje om at ting blir kommersialisert. Det er ikkje utelukkande positivt, men det er blitt ein del av kvardagen. Samstundes er eg skeptisk til ein del av dei produkta som er komne med i dragsuget av det sunne. Ein del meieriprodukt inneheld blant anna mykje sukker, seier Lampe.

Stine Lise Hattestad Bratsberg erkjenner at spørsmålet om produktplassering i skulen er eit tema, men ho forsvarar det med at dette er sunn, samfunnstenleg mat.

— Vi har hatt ein strategi i mange år som ikkje har vore kommersiell, men bygd på kunnskap om godt kosthald. Vi har tatt eit samfunnsansvar med omsyn til born og kosthald, seier ho.

FRUKOST-KARI: - Frukost er dagens viktigaste måltid, sa humørspreiaren Kari Traa. Tobias M. Presttun (t.h.) og Mathias Dale Skjerping frå 8B ved Osterøy ungdomsskule tok hintet. <br/>Foto: KNUT STRAND