Kleppestø Senter har i 2007 hatt ein omsetnadsauke på mellom sju og åtte prosent. Dette er ei dobling i forhold til året før, opplyser senterleiar Valdemar Frønsdal til Kystradioen.

Han får ikkje dei endelege tala frå julehandelen før tidleg i januar, men tippar at julehandelen i år var seks-sju prosent høgare enn i 2006.

Han oppgir slutt på bompengar på Askøybrua, god råd blant folk og fleire innbyggjarar på Askøy som dei viktigaste årsakene til omsetnadsauken.

Synest du Kleppestø senter er ein bra plass å handle? Sei meininga di!

Silje Katrine Robinson (arkiv)