Prorektor ved Universitetet i Bergen, Rune Nilsen, blir glad, men ikkje veldig overraska over at folk som utdannar seg ved universiteta har betre mental og fysisk livskvalitet enn andre.

— Nei, dette har jo vi som jobbar i systemet observert lenge, seier han til BT.

— Men det er god reklame for UiB?

— Ja, det er det. Det seier noko om verdien av å bruke hovudet, og at det å vere i eit høgare utdanningsløp har ein verdi i seg sjølv, meiner Nilsen, som sjølv har bakgrunn frå biologi.

Velstand

— Vi veit at ein harmonisk livssituasjon og utfordrande arbeid skaper eit godt forsvarsapparat i kroppen. Å få utfordringar som ein taklar betyr mykje for trivselen, og dessutan er det velstand å få vere i ein læringsprosess i så mange år. - Universitetsutdanna har også god fysisk livskvalitet, men de utdannar jo eigentleg folk til å sitje på rumpa foran pc'en? - Kven er det som ikkje sit på rumpa i dag, då, antan dei jobbar ved samlebandet, universitetet eller i næringslivet? Det er ikkje særleg stor forskjell lenger, men eg trur at studiemiljøet stimulerer til kreativitet og andre aktivitetar, seier han. Nysgjerrige

— Folk som tek høgare utdanning er ofte nysgjerrige og opne for nye haldningar og kunnskapar, og lyttar til signal om å halde kroppen i form. Nilsen trur også at det er eit gode at folk som studerer, lærer å disiplinere seg sjølv. Dessutan vågar han påstanden om at folk som veljer ei lang universitetsutdanning ikkje blir eldtest fullt så fort.

— Dei blir ikkje så fort satte, men har utslåtte vinger litt lenger, seier Nilsen.