Talas tale er klar; blant studentane som tok grunnemne matematikk i haust fekk 16 toppkarakteren A. 14 av dei var jenter, to var gutar.

No var det rett nok ei lita overvekt av jenter på kurset, men ikkje nok til at det forklarar det glitrande resultatet. Det var nemleg flest gutar som strauk. Nesten dobbelt så mange gutar som jenter fekk dommen ikkje bestått.

Susanne Nåden (21), Karen Johanne Sætrevik (20) og Sigrid Lunde (20) er blant jentene som forlét grunnemne i matte med ein A i sekken. No har dei teke i ferd med høvesvis integrert lærarutdanning, mattestudiar og molekylarbiologi på Universitetet i Bergen.

Flink eller flittig

Dei tre smiler berre breitt når dei vert spurd kvifor jentene er så overlegne. Orda best eller glupast slepp ikkje over deira lepper. Diplomatisk forklarar dei resultatet med at det ikkje er sikkert jentene er flinkare enn gutane, men at dei er flittigare .

— Vi legg meir i det, trur Sigrid Lunde. Ho og medstudentane rosar også det gode læringsmiljøet på kurset. Kollokviar, grupper og sist, men ikkje minst ein god forelesar er å takka. Høgskulelektor Amir Hashemi, som to gonger er kåra til årets forelesar, losa trioen og nærare 600 andre studentar gjennom algebra og andregrads likningar.

— Amir er skikkeleg bra. Han er veldig flink til å få dei svake med seg, seier Karen Johanne Sætrevik.

Gode lærarar er heilt avgjerande for å vekkja mattegleda, meiner dei tre studentane. Og god læring må skje frå første steget på barneskulen.

— Elles tar berre elevane skrekken, seier Karen Johanne

Dei opplever at stadig fleire har fått med seg at det kan vera gunstig å satsa på realfag.

— Eg hugsar ein elevrådgjevar som sa at ein bør velja utdanning etter interesse. Men ho la til at er du interessert i realfag, så er du veldig heldig, seier Susanne Nåden.

Ingen hovering

Harald Åge Sæthre er prosjektleiar for studieløpsprosjektet på Det matematisk-naturvitenskaplige fakultetet. Han seier at den generelle trenden med at jenter gjer det betre i studia også gjeld for realfaga.

— Kvinner er «stayerar». Det er fleire kvinner som byrjar å studera, dei vert verande i systemet og gjennomfører på ein god måte, seier Sætrevik. Han legg til at det framleis er fleire gutar som vel det vanskelegaste av dei førebuande mattekursa. Men også her er det lågare strykprosent blant jentene.

  • Dei jentene som vel den vanskelegaste matten veit at dei er så gode, seier Sigrid Lunde. Ho trur jenter i større grad må føla seg heilt sikre på at dei beherskar faget før dei gjev seg i kast med dei vanskelegaste kursa. Dei tre studentane trur mange undervurderer kunnskapen sin.

— Gutane gamblar meir, seier Susanne Nåden.

Dei tre A-studentane nyttar ikkje sjansen til å hovera sjølv om karakterforholdet 14 til 2 gjev høve til det. Det lengste dei strekk seg er til å seia at eksamensresultatet betyr at jenter er minst like flinke i matte som gutar.