Kurt Henriksen driv formidling av hytter og båtar i Sunnhordlandsbassenget, og har tyskarar som ein stor del av sine kundar. I kontrakten med fisketuristane må turistane forplikte seg til alltid å ha med kart og minst to mobiltelefonar når dei legg ut tur. Turistane må leggje inn nummeret til redningssentralen på mobilen. Dei får også nummeret til Henriksen, som reiser ut og hjelper turistane på sjøen om det trengst.

– Ofte dreier det seg om motorstopp, det skuldast gjerne tullete feil som at dei ikkje opnar lufteskruen i bensintanken. Når me kjem er det berre å opne den, pumpe bensin til motoren og starte att, seier Henriksen. I tillegg kjem turistar som køyrer seg tom for bensin. Henriksen legg til at også nordmenn treng assistanse til sjøs.

Med mange tyske båtførarar til sjøs, erfarne eller uerfarne, kjem også ulukkene. Tal frå Hovudredningssentralen på Sola viser ei tredobling av redningsoppdraga til sjøs i sommarmånadene. Statistikken skil likevel ikkje mellom nasjonalitetar.

– Frå tid til annan har me eit rimeleg stort antal situasjonar der turistar vert meldt sakna anten fordi dei ikkje held avtalar, ikkje veit kvar dei er, får motorhavari eller liknande. Dette er kjende problemstillingar, seier operasjonsleder Terje Tonning i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

I politidistriktet er dei fleste aksjonane i samband med turistar stort sett redningsaksjonar til sjøs. Og ofte gjeld det tyskarar.

– Tyske turistar betalar for å komme hit å fiske. Om det då er drittver heile tida kan det godt vere dei strekkjer strikken og tek ein sjanse. Det er ikkje kjekt å sitje inne i ei hytte heile tida, seier Roald Raunholm, lensmann på Bømlo.

Einaste formelle kravet for å ferdast på sjøen, er at det skal vere flyteutstyr til alle om bord. Redningsselskapet jobbar opp mot utleigebransjen for å formidle tryggleik ved utleige av båtar. Den seinare tida har fleire båtutleigarar lagt større vekt på tryggleiken til sjøs.