Han hevdar overfor NRK Fylkesnytt at styremaktene så å seie har overlete industrien til seg sjølv.

Ifølgje Mordal er det historisk betinga når departementet er så innretta mot fiskeflåten. Difor inviterer FHL no alle kystordførarar, representantar frå fiskeridepartementet og industrien til å samlast 20. og 22. august, for å drøfte problema i fiskeindustrien.

Administrerande direktør i Domstein Fish, Gunnar Domstein, er einig i at departementet fokuserer for sterkt på flåten. Han skal delta på møta, men vil ikkje seie kva konkret han vil ta opp før etter møta. Mordal seier at styremaktene i større grad må opne for at industrien kan eige fiskefarty og at industrien må sikrast meir ferskt råstoff. Han seier utspelet ikkje er ei krigserklæring mot fiskeflåten, og at industri og flåte må samarbeide tettare enn i dag.