Etter at golvet framfor scena i Førdehuset rasa saman under eit arrangement tidleg på 80-talet, er det blitt forsterka ved større konsertar. I følgje mangeårig vaktmeister i Førdehuset, Ståle Haugen, hadde ingen tenkt på at det kunne bli samanstimling framfor scena då 400 ungdomsskuleelevar skulle oppleve bergensbandet Spetakkel i går.

Ulukka skjedde under eit arrangement i regi av Astma— og Allergiforbundet, som både inneheldt ein fagleg del og til slutt ein minikonsert med Spetakkel. Totalt blei 11 tenåringar sende til sjukehus, og åtte tok kontakt med legevakt. Hardast skadd er ein 14 år gammal gut som blei operert for lårbeinsbrot på Førde sentralsjukehus i går ettermiddag. Ei jamgammal jente blei liggjande til observasjon over natta med mistanke om hjerneristing.

Ikkje forsterka i går

— Vi brukar å forsterke denne delen av golvet med støtter når det er konsertar der folk kan tenkast å stimle saman framfor scena, seier Haugen til Bergens Tidende.

— Men golvet var ikkje forsterka ved dette høvet. Det skjedde jo spontant at så mange elevar kom fram til scenekanten.

Rutinen med å forsterke golvet blei innført etter at noko liknande skjedde under ein konsert på 1980-talet. Også dette ein skulekonsert, men den gongen fall golvet berre 30-40 centimeter. Etter dette blei det vanleg å forsterke ved større arrangement.

Delen av golvet som svikta, måler elleve gonger halvannan meter. Via ein wire-mekanisme er det heisbart i tre nivå: Heilt nede fungerer det som orkestergrav, i midten (der det var under gårsdagens ulykke) er det i nivå med golvet framfor scena og i øvste stilling utgjer det ei forlenging av sjølve scena.

— Utan forsterkning er dette golvet opphengt i stålwirar, og vil naturlegvis strekkje seg noko dersom belastinga blir stor, seier Haugen.

Svaia under Morten Abel

Men kjelder Bergens Tidende har vore i kontakt med, fortel at det fleire gonger har vore uro for at det aktuelle golvet skulle svikte. Blant anna under ein konsert med Morten Abel for 6-7 år tilbake.

— Den gongen var det så ille at Morten Abel frå scena måtte be folk om å roe seg. Golvet svaia og duva omtrent som ei trampoline, slik at heile riggen hans måtte støttast opp for ikkje å rase over ende, fortel ein som var til stades, og som jobba i Førdehuset på den tida.

Han veit at dette blei samtaleemne i det kommunale kulturhuset i tida som følgde, og kan vanskeleg tenke seg at dette har gått dei ansvarlege hus forbi.

På denne tida hadde dåverande kultursjef Håkon Fimland ansvaret for Førdehuset, og hadde dessutan også kontor der. Fimland har i dag tittel som kommunalsjef i Førde kommune.

Han seier til Bergens Tidende at han ikkje kan hugse at golvet har vore omtala som eit problem - ikkje ut over det som skjedde på 80-talet.

Tilbakeviser

— Det er heilt ukjent for meg. Vi hadde sjølvsagt aldri akseptert slike arrangement dersom vi visste at golvet var usikkert, seier Fimland.

— Eg vil klart tilbakevise at det har vore ein fare vi har vore kjende med.

Fimland seier mekanismen som held golvet oppe er blitt kontrollert og sertifisert regelmessig av eit firma, og stempla ok.

Fimland avviser altså kategorisk at golvet blei vurdert som usikkert. Likevel valde kommunen å forsterke ved større arrangement.

— Dette gjorde vi for å vere på den heilt sikre sida, som ein ekstra tryggleik, seier kommunalsjefen.

— Kva vekt er det sertifisert til å tole?

— Det kan eg ikkje seie her og no. Men det er blitt kontrollert fleire gonger og funne i orden.

— Når var siste kontroll utført?

— Det torer eg ikkje svare på. Golvet står jo for det meste i den stillinga det hadde då ulykka skjedde. Eg meiner den siste kontrollen var for to-tre år sidan, seier Håkon Fimland.

Politiet sperra i går av ulukkessalen, i påvente av tekniske undersøkingar. I dag vil dei gå gjennom golvmekanismen saman med ekspertar.

— Vi har danna oss eit bilde av kva som har skjedd, men vil ikkje konkludere så tidleg i etterforskinga, seier politibetjent Bjørn Hagenes ved Førde lensmannskontor.