— Vi vil skape aktivitet, få ein god start på året og vise at det går an å gjere ting om vinteren her ute. Vi vil ha både storm og stille, seier Jon Stenar Midlang, kafevert og altmoglegmann på Glesvær, som ikkje legg skjul på at det er storm han helst vil ha. Då blir det liksom litt meir fart over naturopplevingane.

Men for all del, han tar gjerne imot litt sol og blank sjø også. I år er det stille. I fjor var det storm.

«Storm og stille» heiter arrangementet som denne helga går av stabelen på den gamle handelsstaden på Sotra.

Det betyr aktivitetar for små og store i alle aldrar, god mat, kaffi, fisk, mange varmekjeledressar og nesten nakne damer, for å nemne litt.

Nøling i varmedress

Først er dei berre eit par sjeler i regn frå vest og sol frå sør som siktar seg inn mot det einsame stupebrettet nedanfor skiltet med den oppsiktsvekkjande informasjonen: «Glesvær sjøbad».

Litt lenger ute bryt bårene som har tatt turen frå Atlanterhavet i løpet av natta.

— Kor e' de andra? Har de' trekt seg? Eg kankje kle ta meg før de kjem!

Margrethe Kallestad nøler under varmedressen.

Men kjem gjer dei, det sluttar å regne, så regnar det igjen, og plutseleg står halve nabolaget ispedd tilreisande på berget og ser på stupebrettet.

  • Godtfolk, eg vil ønskje velkommen, seier Arne Olav Nilsen, som berre ein tidlegare ordførar kan det.

Margrethe kler av seg.

Klippfisk, lang undikk

Stupebrett er fint å ha både for dei to - jepp to - lokale isbadelag og gjester i sommarhalvåret.

Glesvær er i dag ein livskraftig liten flekk på kartet, sjølv om det i morgon er heile 121 år sidan Selskabet For De Norske Fiskeriers Fremme signerte diplom til dåverande eigar av handelsstaden, Hans Guldbrandsen Bakke, for «veltilvirket klippfisk».

I dag er det fjerde generasjon Bakke som styrer butikken. Inne i det staselege herskapshuset er det fyr på peisen og langundikkar er lagt ut for sal. Som om ikkje isbading var nok, skal undikkløp også gjerast til tradisjon på Glesvær. Distansen er ca. 300 meter, går bak kafeen, til snuplassen og tilbake igjen.

— Dette er ikkje ein kafe for pyser, seier Jon Steinar Midlang, sjølv om det er nettopp på kafeen pysene bør halde seg.

Natur, tur og kultur

No har også den gamle krabbefabrikken blitt tatt i bruk til å utvide cateringverksemda. Take away? Yes. Han har levert julemiddagar i byen, han.

  • Eg må kunne seie at det har blitt ein suksess. Særleg om sommaren er det mykje folk her, seier han. Men han vil altså vise at også vinteren er noko å trakte etter.

Han har lovt gratis lunsj til alle som badar.

— Ooouuuh!

Seier ein, to tre, fire, fem, seks, sju, åtte sjeler. Åtte gratis lunsjar.

Etter tilbod om å isbade og ikkje isbade handlar arrangementet om tur, kunstutstilling, kakao i speiderteltet, bedriftsbesøk, nattfiske, fin middag, og konsert med Julian Berntzen og William Hut til kvelds. Og før det, altså, undikkløp.

Isbading, faktisk

  • Han va' seks komma tre grader uti, humrar ein av tilskodarane, han har varmedress og topplue.

Av ein eller annan grunn er badarane kvinnelege. Bortsett frå bademeisteren. Han er mann og heiter Torvald Brekke og sin plass i hierarkiet har han fordi han var med å byggje stupebrettet. Hans oppgåve er å måle temperaturen. Han korrigerer til 6,4.

Det blir tilløp til debatt om dette faktisk er isbading, som annonsert, eller ikkje. Bademeisteren kastar uti eit isflak og slår fast at det er det, og at vatn frys ved fire grader.

— Klart det er litt smerte, seier ei av sjelene, som no er nomen i kroppen og ikkje lenger nesten naken.

— Nei, ikkje i det heile tatt, seier ei av dei andre.

VINTERIDRETT: Kvar laurdag føremiddag badar desse damene i Nordsjøen, juli som januar. Det gjer ikkje Arthur Selstø (påkledd). Frå v.: Karin Sangolt, Therese Fjell og Lene Øvretveit.
?rjan Deisz
SPEIDARLEIR: Speidarane i Glesvær varmar seg med kakao i lavvoen. Framme frå v.: Christian Grevle, Irmelin Drage, Rosalind Dale. Bak frå v.: Tora Grevle, Simon Hamre, Solveig Hollup.
?rjan Deisz
KAFE: I det gamle bakeriet er det kafe open heile året.
?rjan Deisz
AKVARIET PÅ GLESVÆR: Kafevert og altmoglegmann, Jon Steinar Midlang, studerer den nyleg innkomne månefisken.
?rjan Deisz