Trudde du at den amerikanske justisministeren reiser heilt til Norge berre for å treffe Kjell Magne Bondevik, Jan Petersen og Odd Einar Dørum?

Tru om igjen. Det offisielle statsbesøket er berre eit skalkeskjul. Eit påskot for å dra på slektstreff på Radøy i dag. Det er 91 år gamle Ingeborg Markussen i Fotlandsvåg sikker på.

— Det er nok hovudønsket hans: Å få sjå plassen faren kom frå, og møte familien sin. Dei er så interesserte, amerikanarane, i slekta si, seier Ingeborg til BT.

Ikkje nervøs

Det kvite, korte håret er nyfrisert, og finstasen heng klar. Ingeborg er eldst i familien, og kjenner dei fleste som kjem på slektstreffet i dag - med unnatak av ein: John Ashcroft frå Missouri.

Slektningen er justisminister i USA, og omstridd medlem i Bush-regjeringa.

— Eg kvir meg ikkje det minste for å møte han. Skulle berre mangla! Det blir ei oppleving, rett og slett, å få helse på han, seier Ingeborg.

John Ashcroft har besteforeldre frå Radøy og Romerike. Ingeborg er søskenbarn til mor hans, Grace. Både Grace og ektemannen Robert er borte no.

Men paret var fleire gonger på Vestlandet for å møte familien, og gjennom åra har mange Amerika-brev og Amerika-pakkar kryssa Atlanteren.

Sterke familieband

Ingeborg vart godt kjend med begge, men sonen John har ho berre sett på fjernsyn. Til no.

— Ein fin og god mann. Synest du ikkje? Det er dei som seier at han liknar på mor mi. At han har hennar trekk.

Dagens slektstreff i emigrantkyrkja på Sletta byrja med to systrer frå Romerike, Norway, som reiste til Amerika på byrjinga av 1900-talet.

Først Karen, så Gina. Der borte gjekk det ikkje verre enn at dei møtte to barske radværingar.

Gina og hennar mann reiste heim att til Radøy i 1911. Berre to månadar seinare kom vesle Ingeborg til verda.

Karen og mannen Jan Larsen vart amerikanarar på livstid. Dottera Grace gifta seg med Robert Ashcroft, og fekk tre søner, mellom dei John.

Det er mange Amerika-fararar i slekta, og banda mellom USA og Vestlandet har vore sterke i generasjonar. Sjølv har Ingeborg vore mange gonger «over there».

— Heile familien er veldig omgjengeleg og grei. Dei er snille, gode menneske.

Ville fått Ingeborgs stemme

Ekteparet Ashcroft var sterkt religiøse, og Robert var forstandar og predikant i ein stor kyrkjelyd i Missouri. Han heldt fleire gonger preiker medan han var på Norgesbesøk, mellom anna i Nykirken i Bergen, minnest Ingeborg.

— Var foreldra til Ashcroft opptekne av politikk og samfunnsliv?

— Ikkje så eg kan hugse. Dei var nok først og fremst kristeleg interesserte, og dét stod dei for, fortel Ingeborg til BT.

Justisminister Ashcroft er ein ultrakonservativ politikar. 61-åringen er motstandar av abort, våpenkontroll og homofile rettar. Han er tilhengjar av dødsstraff, og ein spydspiss i kampen mot internasjonal terrorisme.

— Mange tykkjer slektningen din er vel krigersk?

— Tja, ... dette meiner eg ikkje det slag om. Det var jo ikkje han som innførte dødsstraff. Når det gjeld krigen mor Irak, synest eg han gjorde rett der. Det er no mitt syn på det, svarar Ingeborg.

— Du er stolt av han?

— Ja, det er eg. Han hadde ikkje fått den jobben om han ikkje var dyktig.

— Ville du stemt på han om du var amerikanar?

— Ja, det trur eg, seier Ingeborg bestemt.

MØTEST I DAG: Ingeborg Markussen har aldri møtt sin nære slektning John Ashcroft. Men til 80-årsdagen fekk ho eit signert bilde: «To tante Ingeborg. May God bless you on your 80th birthday. I am the son of Grace and the grandson of John M. Larsen». Signert John Ashcroft. I dag møtest dei to for første gong på slektstreff på Radøy. <br/>Foto: GIDSKE STARK