LENA VERMEDAL

— Er det allereie på tysdag? Eg trur eg kjem til å gløyma det og gå rett inn på ein kafe og tenna røyken, seier Kari Alana Whately (20).

Saman med ikkje-røykjarane Lillian Nesse (20) og Kristian Samuelsen (20) har ho benka seg på Café Delis.

Alle gler dei seg til røykfrie serveringsstader.

— Eg meiner det er på tide at samfunnet grip inn mot røyk sidan det er så helseskadeleg, seier Kristian.

- Stakkars vaktene

— Eg gler meg til å sleppa inngrodd røykelukt i klea, men det blir nok litt bråk i starten. Stakkars dei som skal vera vaktar på utestadene. Det er alltid nokon som vil laga bråk. Dei vil sikkert bruka røykelova som påskot, spår Lillian Nesse.

Robert Delis er dagleg leiar på Café Delis og puben Kontoret på Leirvik. Han trur røykelova vil gå seg til etterkvart.

— Me kjem til å be røykjarane kubba røyken eller forlata lokalet. Det kjem ikkje på tale å røykja her, seier han.

På Bakeriet Frugård gler dei tilsette seg til å vaska ned og fjerna alle spor etter sigarettrøyken.

— Det skal bli godt å bli kvitt han. Folk vil ha eit reint miljø når dei et. Det merkar me på bordbestillingane, seier Nils Skaathun, dagleg leiar for Bakeriet Frugård AS.

Markiser i vinden

Røykjarane vil han senda ut på gata der dei kan sitja under ei markise. Verre er det på puben Den Blå Time og diskoteket Arena.

— Med 400 menneske på Arena på laurdagskveldane blir det vanskeleg å kontrollera alle. Me føler Staten har hive heile ansvaret over på oss. Røykjer folk inne blir me bøtelagde, seier Skaathun.

— Kjem du til å tapa på dette?

— Ikkje på Bakeriet, men kanskje på puben og diskoteket, trur Skaathun.

På Stord er planane for offentleg tilsyn med røykjelova ennå ikkje fastspikra.

Kommunelege Lars Helge Sørheim opplyser at oppgåva truleg vil bli delt mellom kommunen sine alkoholkontrollørar og Arbeidstilsynet.

Han strekar under at det er viktig at eigarane av utestadene merkjer lokala sine som røykfrie og kan visa til rutinar for korleis dei tek hand om situasjonar der folk røykjer inne.

VIL GÅ MEIR UT: Kari Alana Whately røykjer opptil ti røyk dagleg, men ser likevel fram til totalt røykeforbod på serveringsstader. - Eg trivst ikkje der folk bålrøykjer. Det er like greitt at det skjer ute. Det er ikkje-røykjarane Lillian Nesse til venstre og Kristian Samuelsen heilt einige i.<p/> FOTO: LENA VERMEDAL