KJERSTI MJØR

Først Anna, så Simen, deretter Olav og til slutt Maja. Fire små, velskapte sensasjonar på halvannan kilo.

Vel tre veker gamle bur dei enno på Barneklinikken i Bergen. Men firlingane er for lengst ute av kuvøsene, dei øver seg på å drikke frå flaske to gonger om dagen og legg jamnt og trutt på seg.

— Eigentleg skal dei vere på klinikken til 30. mai, den dagen eg hadde termin. Men det går veldig bra, så fortset det slik, kan vi truleg dra heim både to og tre veker før, fortel mamma Ingunn Fjeldsbø (37).

Tømmer flaskene

Anna og Maja er ivrigast i matfatet. Begge jentene har no passert 1700 gram.

— Dei tømmer flaskene på ein blunk, seier far til fire, Willy Marøy (42).

— Men då pleiarane sa at Maja var så flink til å drikke, byrja Olav å hive innpå, han også. Han ville ikkje ha på seg at systera var flinkare.

— Dessutan seier dei at Maja er sjefen. Og at ho kjem til å tvinne far sin rundt tommelfingeren, ertar Ingunn.

Anna er den einaste som er oppkalla. Til gjengjeld har ho arva namnet til to seige oldemødrer. Den eine vart 95 år, den andre 98.

Må klype seg

To gonger om dagen reiser foreldra frå Loddefjord til Haukeland universitetssykehus, for å stelle, kose, mate, bade og bli kjent med dei fire babyane sine.

— Vi må framleis klype oss i armen av og til. Tenk at vi har vore så heldige at vi har fått fire friske, flotte barn på ein gong, seier Ingunn.

— Det spørst om det går heilt opp for meg, før vi får dei heim. Det skal bli ein overgang å finne ut korleis vi skal handtere alle på ein gong. Men det går nok greitt, legg Willy til.

Stress

Livet har naturlegvis ikkje vore det same etter firlingfødselen 23. mars. Familien er i tillegg blitt mediekjendisar, og stod fram i Se & Hør denne veka.

— Vi har vore ganske stressa. Det har blant anna vore litt av eit mediekøyr, og alle vil ha sitt. Men det har gått greitt, og vi er veldig fornøgde, seier Willy.

Heime står babysenger og babyvogner og stellebord og alskens babyutstyr og ventar på Anna, Maja, Simen og Olav.

— Vi har fått fantastisk mykje hjelp og støtte, både frå vener, familie, Vestkanten og Rema 1000, og vil gjerne få takke alle som har stilt opp, slik at dette har gått bra, seier paret.

FORELDRE TIL FIRE: - Det har gått forbausande bra. Alle veks og klarar seg jo så fint, oppsummerer Ingunn Fjeldsbø og Willy Marøy etter vel tre veker som firlingeforeldre.<p/>FOTO: HELGE SKODVIN
FIRKLØVER: Her er firlingane, f.v. Olav, Anna, Maja og Simen vel tre veker gamle. <p/>FOTO: HELGE SKODVIN