Etter at olje— og energiminister Olav Akselsen i sommar avslo ein søknad om utviding av det gamle kraftverket, seier Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) no at Kvinnherad Energi kan byggja om kraftstasjonen frå dagens yting på 8 GWh til 26 GWh utan konsesjon.

Ordførar Aksel Kloster helsar vedtaket velkome, medan Sigurd Vikøren i Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget karakteriserer den aksepterte ombygginga som 90 prosent av utbygginga som i sommar blei avslegen i det verna området.

NVE meiner ei ombygging med auka vassinntak ikkje vil medføra nemneverdige skader eller ulemper for ålmenta, sjølv om den aktuelle elvestrekninga blir tørrlagt i lengre periodar enn før.