Glede mellom utbyggjarar

Det kan sjå teknisk ut. Men når byrådet i dag vedtek klare reglar for utrekning av utnytting av byggetomter, vil det få mykje å seie både for utbyggjarar og naboar.

Les også:

Dei nye reglane seier at alt bruksareal under bakken og utvendige parkeringsplassar skal reknast med i tomteutnyttingsgraden (TU). Det gjeld nye planar. For eldre planar skal det ikkje reknast med, med mindre det står i sjølve planen.

- Det er ei svært vaksen avgjerd av Lisbeth Iversen, byrådet og byggesaksavdelinga, som endeleg har gjort dette. Det er berre synd at det har teke så lang tid, for det har kosta oss og andre utbyggjarar mange millionar kroner, seier regiondirektør Yngve Fløisand i Byggholt AS.

Selskapet er ein av dei største utbyggjarane i Bergen. Dei har hatt ein langvarig kamp med kommunen om TU-definisjonar på ei stor utbygging på Birkelundstoppen.

Kor mykje ein har lov å byggje på ei tomt, altså TU, er definert i kommunale og private planar. Skal ein utbyggjar få byggje meir enn det som står i planen, må kommunen gje dispensasjon. Det vil framleis kunne skje, men ein viktig grunn til tidkrevjande kiving blir no borte.

Det kan óg vere tilfelle med eit anna problem, som vart kraftig kritisert av Fløisand og andre utbyggjarar i BT i mars: At resultatet i bygge- og plansaker varierte sterkt frå saksbehandlar til saksbehandlar.

Byggesakssjef Petter Wiberg seier at dei frå årsskiftet vil la fleire saksbehandlarar samarbeide om dei same sakene i grupper. I tillegg har dei fått eigne folk som har det overordna ansvaret for større utbyggingsområde, som saksbehandlarane skal rådføre seg med.





Les også

Siste fra Lokalt

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

«I kveld kan det bli
vanskelig å sove»

På Ostereidet barneskule mistet en elev sin stefar denne uken. - Når verden ramler i hop, må skolen vise omsorg.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger