Dei nye reglane seier at alt bruksareal under bakken og utvendige parkeringsplassar skal reknast med i tomteutnyttingsgraden (TU). Det gjeld nye planar. For eldre planar skal det ikkje reknast med, med mindre det står i sjølve planen.

— Det er ei svært vaksen avgjerd av Lisbeth Iversen, byrådet og byggesaksavdelinga, som endeleg har gjort dette. Det er berre synd at det har teke så lang tid, for det har kosta oss og andre utbyggjarar mange millionar kroner, seier regiondirektør Yngve Fløisand i Byggholt AS.

Selskapet er ein av dei største utbyggjarane i Bergen. Dei har hatt ein langvarig kamp med kommunen om TU-definisjonar på ei stor utbygging på Birkelundstoppen.

Kor mykje ein har lov å byggje på ei tomt, altså TU, er definert i kommunale og private planar. Skal ein utbyggjar få byggje meir enn det som står i planen, må kommunen gje dispensasjon. Det vil framleis kunne skje, men ein viktig grunn til tidkrevjande kiving blir no borte.

Det kan óg vere tilfelle med eit anna problem, som vart kraftig kritisert av Fløisand og andre utbyggjarar i BT i mars: At resultatet i bygge- og plansaker varierte sterkt frå saksbehandlar til saksbehandlar.

Byggesakssjef Petter Wiberg seier at dei frå årsskiftet vil la fleire saksbehandlarar samarbeide om dei same sakene i grupper. I tillegg har dei fått eigne folk som har det overordna ansvaret for større utbyggingsområde, som saksbehandlarane skal rådføre seg med.