Bønder har større risiko for angst og depresjon enn andre yrkesgrupper, konkluderer ein ny studie basert på Helseundersøkelsen i Hordaland 1997-99 (HUSK).

Også hjelpearbeidarar, reingjeringspersonale, dørvakter og andre yrke som ikkje krev meir enn niårig grunnskule, kjem dårleg ut i studien.

Nær 17.400 yrkesaktive kvinner og menn i Hordaland mellom 40 og 49 år er med i undersøkinga. Resultatet er nyleg publisert i det internasjonale tidsskriftet Journal of Occupational and Environmental Medicine.

Artikkelen er skriven av forskarane Bjarte Sanne, Arnstein Mykletun, Alv A. Dahl, Bente Moen og Grethe S. Tell.

Låg utdanning, større risiko

Er du administrerande direktør, politikar, akademikar eller har eit militært yrke, er du truleg ikkje så utsett for angst og depresjon. Iallfall er risikoen minst i desse yrkesgruppene.

Eit mellomsjikt er tilsette innan kontor— og kundeservice, og dessutan sal, service og omsorgsyrke.

Dårlegast ut kjem yrke innan jordbruk, skogbruk og fiske, handverkarar, prosess- og maskinoperatørar, transportarbeidarar og yrke utan krav til utdanning.

— Dette er ein tverrsnittstudie, og dermed berre eit øyeblikksbilde av situasjonen, understrekar stipendiat Bjarte Sanne på Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen.

— Men mønsteret er tydeleg. Yrkesgrupper med låge krav til kompetanse og utdanning kjem dårlegast ut, mens det er langt færre symptom på angst og depresjon i jobbar med høge krav.

Bondestand i endring

Det er tydelege utslag både for menn og kvinner i studien. Men samanhengen mellom angst, depresjon og kompetansekrav er mest markant når det gjeld depresjon hos menn.

— Aller dårlegast ut kjem mannlege bønder. Som yrkesgruppe skil dei seg tydeleg ut med eit høgt depresjonsnivå. Det er tankevekkjande, meiner Sanne.

— Folk tenkjer kanskje på bondeyrket som romantisk, triveleg og sunt, og det har det vel på mange måtar vore. Men no ser dette ut til å endre seg.

Fleire internasjonale studium viser same tendens. - I England er for eksempel bønder meir utsette for sjølvmord enn andre yrkesgrupper, fortel Sanne.

Han trur slitasje i yrket på grunn av arbeidssituasjon og økonomi kan vere blant årsakene til den negative trenden.

- Knalltøft å vere bonde

— Bønder har eit voldsomt arbeidspress og jobbar mange timar. Samtidig er det gjennomsnittlege inntektsnivået blant hordalandsbøndene klart lågare enn blant andre, seier Sanne til BT.

— Det ser ut til at bøndene er skvisa. Det er knalltøft å vere bonde. Etter mitt syn er det absolutt grunn til å sjå kva ein kan gjere for å betre bøndenes situasjon.

Ei anna gruppe arbeidstakarar som skilde seg tydeleg ut, var kvinnelege lærarar.

— Studien viser at dei har eit depresjonsnivå over det som er gjennomsnittet for kvinner, seier Sanne til BT.