KJERSTI MJØR

Det fanst knapt gladare jente enn Guro Gullbrå i går kveld. Då gladmeldinga frå Vaksdal nådde Limfjorden, jubla både Guro, familien og dei 120 andre som ferierer med Støtteforeininga for kreftsjuke born i Danmark.

— Guro er eit einaste stort smil med ei lita tåre i det eine auga, fortalde mor Else Marie Dyvik Gullbrå på telefon til BT.

— Sjølv fekk eg nesten sjokk. Dette var ei gledesmelding - for ein gongs skuld.

På eit ekstraordinært møte i går kveld vedtok eit samrøystes kommunestyre at 7. klasse på Stanghelle skule skal oppretthaldast i eitt år til.

No slepp kreftsjuke Guro å reise til Vaksdal for å gå på skule likevel.

Samla inn 82.000 kroner

I juni fortalde BT om Guro, som måtte fjerne det høgre auga i ein omfattande operasjon i London i mai. 12-åringen har arveleg netthinnekreft, og er svært redusert etter inngrepet.

Ho skulle likevel byrje i 7. klasse i haust. Ettersom Stanghelle skule ligg like ved heimen, er det lett for foreldra å bringe dottera når ho er i form til å gå på skulen, og hente henne raskt om smertene blir for store.

Familien Gullbrå vart derfor svært uroleg, då kommunestyret vedtok å legge ned 7. klassen på Stanghelle.

Også bygdefolk reagerte. Bøsseberarar frå «Aksjon 7. klasse» gjekk frå dør til dør for Guro, og samla inn pengar for å oppretthalde 7. klassen. Eldsjelene fekk inn nær 82.000 kroner.

— Pengane skal no gå til Støtteforeininga for kreftsjuke born i staden. Dette gjekk akkurat slik vi ville, seier ein av initiativtakarane, Ole Kristian Risnes.

Uventa million

Ordførar i Vaksdal, Øivind Olsnes, forklarar snuoperasjonen med at den økonomiske situasjonen er blitt lysare. Ikkje minst fordi kommunen har fått nær ein million kroner meir enn budsjettert i innbyggjartilskot frå staten.

— Ut frå dei økonomiske inntektene og utsiktene for året kunne eg derfor tilrå at kommunestyret gjorde om vedtaket, seier Olsnes til BT.

— Har aksjon og medieomtale påverka utfallet?

— Det vil eg svare klart nei på, svarar ordføraren.

- Lukkeleg og stolt

No kan altså Guro, som fylte tolv år i juli, endeleg byrje å gle seg til skulestart onsdag.

— Ho har kvidd seg fælt i sommar. Men det nye vedtaket betyr at Guro får eit mykje, mykje lettare skuleår. Ho kjenner alle, føler seg trygg, og er glad i lærarane og elevane der. No er Guro ein lukkeleg, stolt og flott 12-åring, seier mor til BT.

GLAD SKULEJENTE: Guro Gullbrå får likevel gå 7. klasse heime på Stanghelle. I går kveld snudde kommunestyret i Vaksdal, og gjekk samrøystes inn for å oppretthalde klassen i bygda <br/> ARKIVFOTO: GIDSKE STARK